Sverre Ottesen, prosjektleiar E39 Stord-Os (Hordfast). Foto: Sunniva L. Seterås/Statens vegvesen
Publisert: 15.09.2021 

Høyring av planprogram for E39 Stord-Os (Hordfast)

Statens vegvesen har utarbeida forslag til planprogram for reguleringsarbeidet for strekninga. Forslaget er på høyring fram til 30. oktober.

Statens vegvesen viser til varslingsbrev frå september 2020, om planoppstart for statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte. Den omtaler mellom anna at det vil bli gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU) for ein del av strekninga der føremålet er å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.

Varslingsområde for reguleringsplan. Område som skal konsekvensutgreiast er vist med brun farge. Illustrasjon: Statens vegvesen

I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.

Sjå plandokument her

Informasjonsmøte 20. september

I samband med høyringa blir det arrangert eit digitalt informasjonsmøte på Teams Live Event. Her det blir anleiing til å stille spørsmål til prosjektleiinga skriftleg i chat.

Dato: 20.09.21
Tid: 19.00 - 20.30

Lenke til møtet

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur