I tildelingsbrevet for 2022 fekk Statens vegvesen i oppdrag å levere eit forslag til gjennomføringsrekkefølge for sine prosjekt i den første seksårsperioden i Nasjonal transportplan 2022-2033. Rundt 20 prosjekt var nemnt der. Kriteria dei skulle vurdere prosjekta ut frå, var mellom anna samfunnsøkonomisk lønnsemd. Som eit ledd i å få meir igjen for pengane vi bruker på veginvesteringar, er det viktig at Statens vegvesen jobbar med å optimalisere prosjekta i portefølja si.
Dei 20 prosjekta er sjølvsagt ikkje all utbygging som Statens vegvesen planlegg. I 2022 gjekk om lag halvparten av investeringsmidlane til tiltak under 1 milliard kroner som ikkje inngår i denne porteføljeprioriteringa, men som likevel er svært viktige for å sikre, utbetre og fornye vegar i heile landet.
Såkalla porteføljestyring blei foreslått i Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP), og sidan fulgt opp av regjeringa. Verksemdene skal tilrå omfang og rekkefølge for prosjekta som ligg i NTP. Dette er ein viktig mekanisme der alle prosjekt blir vurdert ut frå same kriteria, og der endringar i prosjekta kan bety at rekkefølga endrar seg. Verksemdene skal kome med ei oppdatert porteføljeprioritering kvart år. I år er første gongen dette blir gjort, og Staten vegvesen er først ute.
– Det er vi politikarar som gjer dei endelege vala, men denne metoden vil gjere det lettare for oss å velje å setje igang dei prosjekta som vil gi mest tilbake til samfunnet. Gode faglige råd er alltid viktig, men det er særlig viktig no som vi ser at vi vil måtte prioritere hardare framover, seier samferdselsministeren.
Vurdering av vegnormalane – når skal det byggast firefelts motorveg?
I tillegg til oppdraget om porteføljeprioritering, har Samferdselsdepartementet bedt Statens vegvesen om ei vurdering av om vegnormalane bør justerast, og om dette vil påverke prosjekta i portefølje deira. Det får Samferdselsdepartementet svar på i juni. Stortinget har mellom anna bedt departementet om å vurdere ein høgare terskel for bygging av firefelts motorvegar
– Når dette oppdraget er levert, vil eg ha eit godt grunnlag for å vurdere både størrelse på og rekkefølge av veiprosjekta. Det er brukt og skal brukes store summer på samferdselsinfrastruktur de nærmaste årene, sjølv om vi ser at vi nok ikkje får så stor vekst som NTP la opp til, seier Nygård.