Grunnundersøkingar på prosjekt E39 Stord-Os ved Søreidsvågen Foto: Statens vegvesen
Publisert: 15.06.2021 

Grunnundersøkingar på E39 Stord-Os (Hordfast) har starta

Statens vegvesen er i gang med grunnundersøkingar både på land, i sjø og i vatn i samband med utarbeiding av reguleringsplan for den planlagde strekning.

Formålet med undersøkingane er å få betre kunnskap om grunntilhøva, slik at ein kan planlegge riktige og trygge løysingar, samt få betre oversikt over massedisponering i prosjektet.

– Undersøkingane i sjø og vatn blir utført frå flåte i regi av Vegvesenet, mens undersøkingane på land blir utført frå grunnboringsrigg i regi av konsulentselskapet COWI, fortel planleggingsleiar i Statens vegvesen, Jonas Dalland. I tillegg vil Vegvesenet gjere undersøkingar med lettare utstyr på land.

Undersøkingane på land starta 1. juni og COWI planlegg å nytte inntil tre grunnboringsriggar.

– Ein planlegg å vere ferdig med hovuddelen av dette arbeidet i løpet av august, fortel Dalland.

Noko støy

– Det er ikkje til å unngå at det blir støy i perioden med boringar. Dersom boringane må gjerast på skogsmark, kan det bli naudsynt å kviste og/eller felle tre for å komme fram til borepunkta, understrekar Dalland.

Undersøkingar i sjø og vatn

Undersøkingane frå flåte starta 18. mai, og ein planlegg å vere ferdig med hovuddelen av dette arbeidet før fellesferien i veke 28.

– Vi legg opp til boringar mellom anna i Søreidsvågen, Flatråkervatnet, og Bårdsundet i Tysnes kommune, samt ved Gulholmane, Kjerringahavet og Ulvenvatnet i Bjørnafjorden kommune, seier Dalland.

Etter at dei planlagde grunnboringane er utførte vil resultata frå boringane bli handsama. Denne handsaminga kan eventuelt resultere i at det blir naudsynt å utføre supplerande grunnboringar. Grunneigarar vil bli kontakta før eventuelle tilleggsundersøkingar startar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur