Illustrasjon: Statens vegvesen/COWI
Publisert: 09.04.2025 

Forslag til reguleringsplan for E39 mellom Stord og Os er klar

Statens vegvesen har sendt forslag til reguleringsplan til Samferdselsdepartementet. Forslaget til ny veg vil redusere reisetida sør for Bergen med ein time.

Statens vegvesen har utarbeida forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gang, med over 7000 sider.

Strekningen E39 Ådland-Svegatjørn er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025-2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstilla reguleringsplanen for prosjektet. Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillet det.

55 km ny E39 – erstattar fleire ferjer

Forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru.

Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30–32 kilometer med veg i dagen.

Tolaupstunnellar:

  • Agdesteintunnelen 1,6 km lang
  • Skorsåtatunnelen 2,2 km lang
  • Holmatunnelen 1,6 km lang
  • Beitehaugtunnelen 470 m lang
  • Vardafjelltunnelen 1,6 km lang
  • Gjøvågtunnelen 1,8 km lang
  • Ostunellen 7,7 km lang

 

Bruer over 300 meter:

  • Bru over Langenuen 1,7 km (Norges 3. lengste bru)
  • Bru over Søreid 350 m
  • Bru over Bårdsundet 400 m
  • Flytebru Bjørnafjorden 5,5 km (Norges lengste bru)
  • Bru over Ulvenvatnet

 

Binde Stavanger-Bergen saman 

– Ny veg vil vere eit viktig bidrag for å binde regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion. Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der korridor for ny E39 vart avklart, forklarar Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon.

Har vurdert fleire vegstandardar

Som ein del av arbeidet har Statens vegvesen utarbeid ein rapport for å sjå på mogleg redusert vegstandard. Både fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsvegveg og 2/3-feltsveg er belyst for å få fram konsekvensar for mellom anna kostnader, nytte, naturinngrep, trafikksikkerheit og andre miljøtema.

– Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplanen i samsvar med konklusjonen i denne rapporten og lagt vegstandard H3 med fartsgrense 100 km/t til grunn, forklarar Hove. I vedtatt kommunedelplan var det forutsett vegstandard H3 og 110 km/t i samsvar med den vegstandarden som var gjeldande på det tidspunktet. Reguleringsplanen har eigen rapport med ei samla vurdering av konsekvensar for naturmangfald.

Nytt styringsmål

Vegdirektoratet har godkjent nytt styringsmål for prosjektet på 53 720 millionar kroner (2023-kroner). Opprinneleg styringsmål omrekna til 2023-kroner var 46 294 millionar. Det er fleire årsaker til kostnadsauken. Mellom anna planskilt kryss ved Kolskogen mangla i KDP-anslag, underestimerte kostnader for grunnerverv og støytiltak, endra krav på vegbreidde frå 20 til 21,5 meter, einingsprisane er gått vesentleg opp samanlikna med førre planfase og at reguleringsplanen synleggjer nødvendige løysningar på eit detaljnivå for å gjennomføre prosjektet, noko som gjer at omfanget av kryssløysingar, sekundærveger med meir har auka.

Har tatt kostnadsgrep

Det er gjennomført ei rekke kostnadsreduserande tiltak i arbeidet med reguleringsplanforslaget. Blant anna er omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer i linja redusert.

Desse er erstatta med veg i dagen som har lågare løpemeterpris. Ut frå kost-/nyttevurdering og fordi det gav reduksjon i arealbeslag, godkjende Vegdirektøren å omarbeide reguleringsplanen til firefelts motorveg med fartsgrense 100 km/t.

– Dei kostnadsreduserande tiltaka som er gjennomførte har ei samla innsparing på 1,5 mrd. kr. Utan desse tiltaka ville anslått kostnad på prosjektet auka enda meir frå førre plan, forklarar Kjartan Hove.

For å få ut nytteverdien av prosjektet må heile strekninga frå Svegatjørn til Agdesteinkrysset byggast samla. Den høge nytteverdien av prosjektet er blant anna eit resultat av at fleire ferjestrekningar bli lagt ned og reisetida blir vesentleg redusert frå rundt 90 til rundt 30 minuttar.

Tilrår å sende planen på høyring 

– Vi tilrår Samferdselsdepartementet å sende reguleringsplanforslaget til Kommunal- og distriktsdepartementet for vedtak om høyring og offentleg ettersyn. I så fall  legg vi deretter opp til å halde folkemøte og opne kontordagar i dei tre kommunane i samband med høyringa, fortel Kjartan Hove i Statens vegvesen.

Relevante dokument til reguleringsplanen kan ein finne på Statens vegvesen sine nettsider.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur