Regjeringa har lagt fram forslag om kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset for Stortinget.
Prosjektet er ein del av strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn i Sørfold kommune i Nordland. I statsbudsjettet for 2024 er det sett av midlar til oppstart av delstrekninga Megården–Sommerset, men Samferdselsdepartementet måtte først gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring (KS2) før Stortinget kan fastsette kostnadsramme.
Eit transportsystem for regional utvikling
Prosjektet E6 Megården–Mørsvikbotn omfattar dei tre delstrekningane Megården–Sommerset, Sommerset–Tverrdalen (Leirfjordbrua) og Tverrdalen–Mørsvikbotn. Samfunnsmåla for strekninga er eit transportsystem som fremjar regional utvikling i landsdelen og regionen, gir gode vekstvilkår for næringslivet i nordområda og oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet blir gjennomført trinnvis, med oppstart av delprosjektet Megården–Sommerset fyrst.
– Ny veg på denne strekninga blir nesten seks kilometer kortare enn dagens veg. Vi skal også erstatte seks av dei eksisterande tunnelane som ikkje innfrir krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Desse blir erstatta av tre nye tunnelar. Det skal byggjast tunnelar med ei total lengde på nesten 14 kilometer. Det skal også byggjast to større bruer, mellom anna ei bru på 550 meter over Tørrfjorden. Reisetida blir redusert med om lag 10 minutt, noko som er bra både for dei fastbuande og for næringslivet, seier Nygård.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 7,3 milliardar i 2024-kroner, og vegen skal ikkje finansierast gjennom bompengar. Det er lagt opp til utlysing av prosjektet i 2024 og trafikkopning i 2031.