Med konseptvalutgreiinga (KVU) som Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre, følgjer regjeringa opp punktet i Hurdalsplattforma om leggje til rette for heil- eller delelektrifisering, eller bruk av annan teknologi, for å redusere klimagassutslepp frå jernbanen.
Elektrifisering, batteri og hydrogen er blant løysingane
Dei aktuelle ikkje-elektrifiserte strekningane er Rørosbanen, Solørbanen, Raumabanen og Nordlandsbanen. I tillegg brukar jernbanekøyretøy som arbeidsmaskinar og skiftelokomotiv diesel, også på dei elektrifiserte strekningane. Jernbanedirektoratet skal vurdere kva for energiberar som passar for den einskilde bane og jernbanekøyretøy, og om kombinasjonar av energiløysingar kan vere føremålstenleg.
Elektrifisering av strekningar og bruk av togmateriell med batteri eller hydrogen er blant dei aktuelle teknologiske løysingane for dagens jernbaner med dieseldrift. For jernbanekøyretøy kan både ombygging og utskifting vere aktuelt.
Vidare framdrift
Jernbanedirektoratet har frist til september 2023 med å ferdigstille konseptvalutgreiinga.
For fleire opplysningar – sjå: