Det kan koma 80-120 mm/24 timar, med moglegheit for at det lokalt kan koma 120-150 mm på dei mest utsette stadane.
Det er særleg midtre og indre strok av Vestland som kan venta seg ekstremt mykje regn dei neste dagane. Her er det sendt ut raudt farevarsel for flaum. Men også i deler av Møre og Romsdal og Rogaland er det meldt mykje regn. I fjellet i Sør-Noreg er det i tillegg meldt mykje vind og snøfokk. NVE har sendt ut oransje farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare.
Vegar kan bli stengde på kort varsel
– Vêrtilhøva kan føra til utfordringar på vegane dei komande dagane. Mykje nedbør og overvatn kan føra til flaum, og det er også risiko for at skred og steinsprang kan råka vegnettet, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Han rår trafikantar i området til å orientera seg godt før ein legg ut på vegen:
– Fleire vegar, både riks- og fylkesvegar, vil bli stengde preventivt, for å unngå alvorlege ulykker. Vegar kan bli stengde på kort varsel. Onsdag kan me risikera at alle fjellovergangane mellom aust og vest i Sør-Noreg kan verta stengde på grunn av uver i fjellet. Skal du ut og reise så må du sjekka vêr- og føremeldingar før du reiser, og halde deg oppdatert undervegs, tilrår Finden.
Ver førebudd
Han minner om at ein i appen Vegvesen Trafikk kan få varsel direkte på telefonen, når det skjer viktige hendingar i trafikken i det området ein ferdast i.
Finden ber også dei som skal ut på vegane om å ta nokre ekstra forholdsreglar, i tilfelle vegar eller fjellovergangar blir stengde:
– Syt for at bilen har full tank eller fullada batteri, og at du har med ekstra mat, drikke og varme klede, seier Finden.
– Vegeigarane er godt førebudde
Finden fortel at Statens vegvesen og andre vegeigarar har god dialog om vêrsituasjonen, og er godt førebudde saman med entreprenørane.
– Vi er godt rusta, saman med entreprenørane våre, til å handtera hendingar som måtte oppstå, seier Finden.