Statens vegvesen kunngjer no resultatet i konkurransen der tre rederi var med i siste del.
Fjord1 vart tildelt anbodet fordi rederiet hadde den beste kombinasjonen av pris og kvalitet i sitt tilbod. I tildelinga vart prisen vekta med 60 prosent, automatisering med 30 prosent og gjennomføringsevne med 10 prosent.
Slik var tilboda
Tilboda vart rangert på følgande måte:
Rangering | Tilbydar | Total poengsum | Tilbodspris |
1 | Fjord 1 AS | 95,89 | 2 754 309 658 |
2 | Torghatten Midt AS | 89,71 | 3 180 174 664 |
3 | Norled AS | 61,72 | 4 139 304 064 |
Betre tilbod enn i dag
Kontrakten gjeld for perioden 01.09.2026–31.08.2034, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.
Sambandet skal driftast med fire nye nullutsleppsfartøy på 120 PBE (personbileiningar) og vil få 15 minutts frekvens på kvardagar og søndagar. Dette er ei forbetring samanlikna med i dag, kor det er tre fartøy og 20 minutts frekvens.
Auka automatisering
Kontrakten inkluderer utvikling av automatiserte løysingar for alle dei fire fartøya frå og med 2027 og ut perioden.
Prosjektet vert rekna som eit nytt steg i retning av auka automatisering innan maritim sektor. Overføringsverdi til andre delar av sjøfartsnæringa kan på sikt vera stor.
Statens vegvesen vil takka deltakande rederi og deira underleverandørar for god innsats og gode resultat gjennom anskaffingsperioden, som har vore gjennomført som konkurranseprega dialog.
Statens vegvesen vil senda ut meir informasjon når kontrakten blir signert. Dette vil skje i november.