Når ny bru med tilhøyrande 1,5 kilometer ny veg tas i bruk sommaren 2022, skal dagens flaskehals av ei bru frå 1937 fjernast.
Ulykkespunkt
Skjøiten bru ei mil nord om Hemsedal sentrum har vore ein flaskehals og ulykkespunkt i årtider. Rv 52 i Hemsedal er den høgfjellsvegen i Norge med høgast del av tunge køyretøy, med ein tungbilandel på nær 30 prosent.
To landkar og to brukar stod ferdig tidlegare i haust. No er arbeidet med reisen til brubanen i full gang. Prosjektet reknar med at støyping av brudekket kan skje ein gong i februar/mars 2022.
Liovegen lagd om
Når gamlebrua skal fjernast blir dei to steinsatte landkara på kvar side ståande som eit vegminne. Restane av gamlevegen sør for dagens bru blir og fjerna.
I tillegg til bygging av ny bru med tilhøyrande veg er og lokalevegen Liovegen lagd om i haust. Det betyr blant anna tryggare adkomst til rv 52 for dei som bur i Liogrenda.