Prosjektet skal til liks med andre store statlege investeringsprosjekt gjennom ei ekstern kvalitetssikring, såkalla KS2, innanfor statens prosjektmodell. Kvalitetssikringa skjer på oppdrag frå Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet og skal gjennomførast i første halvår 2021. Denne framdrifta gjer det mogleg for regjeringa å ta stilling til prosjektet før sommaren og eventuelt fremje eit utbyggingsvedtak overfor Stortinget til hausten ved framlegginga av forslaget til statsbudsjett for 2022.
Som med alle andre prosjekt må òg flyttinga av Bodø lufthamn finne sin plass i Nasjonal transportplan 2022-2033. Kva og kor det det skal byggast dei neste åra, vil regjeringa gi svar på når ny Nasjonal transportplan blir lagt fram, etter planen før påske.
Godt samarbeid mellom fleire aktørar
– Flyttinga av lufthamna er eit prosjekt som involverer mange aktørar. Som følgje av eit godt samarbeid mellom Bodø kommune, Avinor og staten har det vore mogleg å halde oppe framdrifta i planlegginga av dette prosjektet, seier samferdselsministeren.
I behandlinga av Nasjonal transportplan 2018–2029 våren 2017 stilte Stortinget seg bak forslaget frå regjeringa om å flytte Bodø lufthamn om lag ein kilometer sørvestover for å sikre areal til vidare byutvikling. Det er lagt opp til at den nye lufthamna skal finansierast som eit spleiselag mellom staten, Avinor og eit lokalt bidrag. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet arbeider Avinor med eit forslag til finansieringsplan.