Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 01.10.2021 

E6 Ulvsvågskaret har fått fastsett styringsmål

Prosjektet E6 Ulvsvågskaret i Nordland har no fått fastsett styringsmål på 1,45 milliardar kroner. Samferdselsdepartementet fastsett dette som eit mål for styringa av kostnadane i planleggingsfasen. Alle store vegprosjekt får fastsett styringsmål.

– No som dette er på plass har prosjektet kome eit viktig skritt vidare. Dette er ein veg som blir stengt ofte på grunn av at store køyretøy blir ståande fast. At vi har ein god E6, spesielt i Nord-Norge, er avgjerande for at folk og varer skal kome seg fram, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Prosjektet går mellom Kvannelva bru og Ulvsvåg og er ein del av strekningen Mørsvikbotn–Ballangen. Det planleggast tunnel under Ulvsvågskaret og ny veg frå den nye tunnelen i nord fram til dagens veg. Strekninga er 9,6 km og planleggast tofeltsveg med 90 km/t.

Prosjektet ligg ikkje inne i første seksårsperiode av ny Nasjonal transportplan 2022–2033. Det betyr at prosjektet ikkje er prioritert for å starte opp dei neste seks åra.

Statens vegvesens portefølje er i Nasjonal transportplan prosjekta med oppstart i første seksårsperiode. Statens vegvesen skal optimalisere prosjekta og i ein årleg porteføljeprioritering anbefale ei rekkefølge for gjennomføring. Dei skal òg utvikle strategiar og planar for nye investeringar med oppstart seinare i perioden. Porteføljen vil vurderast på nytt ved rulleringa av Nasjonal transportplan.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur