– Vi ynskjer konkrete innspel på kva Bjørnafjorden ønskjer å gjere med området slik at det får ein nytteverdi, seier planleggingsleiar Ellen Slinde. Saman med kollega Helen Gjærde la dei fram konseptskissene for Plan-, bygg- og miljøutvalet og fortalde kort om status i arbeidet med reguleringsplanen.
Kommunen kan påverke etterbruken av området rundt brufestet
Den fem kilometer lange flytebrua over Bjørnafjorden frå Tysnes kjem i land på Røtinga, i ei kort dagsone før vegen går inn i ein sju kilometer lang tunnel som tek bilistane direkte til Ulvenvatnet og Kolskogen på Os. Den lange tunnelen vil generere eit masseoverskot som kan nyttast på ein samfunnsnyttig måte.
I den planlagde perioden med anleggsgjennomføring treng ein areal til maskinar og arbeid i området og i sjø. Møtet med Bjørnafjorden kommune handla i stor grad om etterbruken av området og politikarane fekk sjå dei siste skissene som er utarbeidd av Vegvesenet.
– Etter anleggsfasen kan Vegvesenet tilbakeføre området til natur eller det kan lagast planar for friluftsliv, rekreasjonsområde, båtar eller det kommunen måtte ønskje. Bjørnafjorden kommune kan i denne fasen påverke korleis eller kva dei ønskjer å bruke området til, seier Slinde.
Bygginga av brua vil mellom anna krevje masseutfylling i sjø
– Vi ser at det i området der brua skal ilandførast ved Gulholmane og Røtinga må lagast ei utfylling av massar i sjøen og vi vil måtte lage noko nytt landareal. Det er sjølve fundamentet for brua som kjem her og tunnelportalen. Området skal sjå fint ut i etterkant, men det vil bli ein lengre anleggsperiode i området.
Ideskisser for utforming av området ved Røtinga er utarbeidd og arbeidet med dette vil trappast opp i tett samarbeid med Bjørnafjorden kommune.