Samferdselsdepartementet har i dag framlegg i statsråd om utbygginga og finansieringa av E39 Lønset–Hjelset. Utbygginga skal koste om lag 1,3 milliardar kroner og staten bidreg med 45 prosent av midlane.
– Ny veg vil ikkje berre sørge for at ambulansane kjem seg raskt til sjukehuset. Det vil òg bety samanhengande gang- og sykkelveg på heile strekningen, for det meste langs dagens veg. Da får vi betre trafikktryggleik for alle trafikantar, seier Hareide.
Strekninga mellom Lønset og Hjelset er den med lågast standard på E39 mellom Molde og Kristiansund. Den nye vegen blir 9,3 kilometer lang. Det vil bli tofelts veg med midtdelar og forbikøyringsfelt. Fartsgrensa blir 90 km/t.