Steinen som har falle ned på E16 i Aurland er så stor at den må sprengast for å kunne bli fjerna. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 07.11.2024 

E16 stengd i Aurland på grunn av at ei steinblokk har kome ned og sperrar vegen

Ei stor steinblokk har kome ned på E16 i Aurland. Vegen er stengd og det har stor påverknad på trafikken på Vestlandet og aust/vest i Sør-Noreg.

Steinen kom ned på E16 ved Nautavikneset mellom Aurland og Flåm. Blokka er fleire meter i diameter og må sprengast før den kan fjernast frå vegbana. Bergskjeringa på staden må vurderast av geolog med tanke på eventuell fare for nye nedfall. Statens vegvesen jobbar med sikte på å kunne opne for trafikk i eitt køyrefelt, med trafikkdirigering på staden. Opning er tidlegast venta kl. 17.00 i ettermiddag.

Følg med på vegvesen.no/trafikk for oppdatert informasjon.

Det er ingen lokale omkøyringsvegar. Moglege omkøyringsruter er:

  • Bergen–Oslo: Riksveg 7 Hardangervidda
  • Bergen–Sogndal: Riksveg 13 Vikafjell
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur