Illustrasjonsbilde: Foto: Pixabay
Publisert: 08.04.2024 

E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel

Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.

– Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2. Den nye strekninga vil mellom anna betre oppetida og trafikktryggleiken, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2. Det første byggetrinnet omfatta dagens Oslofjordtunnel med tilhøyrande veg og blei opna for trafikk i juni 2000. Oslofjordtunnelen gav eit alternativt øst-vest vegsamband under Drøbaksundet, utanom Oslo mellom E6 og E18 i Akershus og Buskerud.

Byggetrinn 2 omfattar bygging av eit nytt tunnelløp i Oslofjordtunnelen parallelt med det eksisterande tunnelløpet. Det blir samband mellom nytt og eksisterande tunnelløp.

Prosjektet omfattar òg utviding av eksisterande veg mellom Måna og Vassum frå to- til firefelts veg med nye løp i Frogntunnelen og Vassumtunnelen. Prosjektet er totalt 14 km og vegen er planlagt med fartsgrense 60 km/t ved Vassumtunnelen, 90 km/t Vassum–Måna og 70 km/t gjennom Oslofjordtunnelen (Måna–Verpen).

Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og opning for trafikk i 2032.

– Målet med utbygginga er ei sikker kryssing av Oslofjorden i eksisterande trasé for E134 og auka framkomst ved at oppetida aukar til nær 100 prosent. Prosjektet vil gi ein markant betre trafikktryggleik, særleg fordi ein fjernar moglegheita for møteulykker, seier Nygård.

Finansiering av prosjektet

Finansieringa av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er mellom anna omtalt i NTP 2022–2033. I årets statsbudsjett går det fram at prosjektet vil starte opp med føresetnad om at Stortinget sluttar seg til forslag om delvis bompengefinansiering og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 7 750 millioner kroner for prosjektet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur