Rv. 13 Hardangerbrua. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen
Publisert: 23.06.2023 

Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua

Riksveg 13 Bu–Kinsarvik i Hardanger, mellom Hardangerbrua og Kinsarvik, er ein flaskehals kvar sommar.

Statens vegvesen er opptekne av å gjera det vi kan for å sikra framkomsten og trafikktryggleiken på alle våre vegar til ei kvar tid.

Difor har vi i fellesferien (1. juli–15. august) klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga.

Som alternativ omkøyringsrute for Hardangerbrua oppmodar Statens vegvesen trafikantane å bruka ferjeruta Tørvikbygd–Jondal.

For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid:

Anten ved å sjekka 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale informasjonsskilt.

Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få oppdatert informasjon om trafikken enn i dag. Vidare tilrår vi trafikantane å berekna ekstra tid.

Dei digitale skilta vil stå i så god avstand som mogleg før bru og ferjekaiar. Statens vegvesen vil nytta desse skilta til å informera viss trafikken hopar seg opp.

På denne måten gir vi trafikantane moglegheita til å vurdera alternative omkøyringar i god tid.

Dette kan vera særleg aktuelt no om sommaren, når det er meir trafikk enn elles i året.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur