Den 7,8 kilometer lange nye tunnelen mellom Arna og Fløen er det største utbyggingsprosjektet på jernbanen utanfor Austlandsområdet på mange år.
– Gamle Ulriken tunnel mellom Arna og Fløen er Nord-Europas mest trafikkerte einspora jernbanetunnel. Kapasiteten er difor sprengt, slik at behovet for eit nytt tunnelløp er stort. Nye Ulriken tunnel har òg pløgt ny mark. For første gang har tunnelboring blitt brukt til å drive ein jernbanetunnel i Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Fleire tiltak skal styrkje togtransporten i vest
Person- og godstogoperatørar må vente med å ta ut full effekt av dobbeltsporet gjennom Ulriken. Det er naudsynt å rehabilitere den gamle tunnelen frå 1964, og dette arbeidet startar no som det nye tunnelløpet er opna for trafikk.
- Fleire tiltak i jernbaneinfrastrukturen i Bergensområdet skal bidra til å styrkje person- og godstogas konkurranseevne på Vestlandet. Moderniseringa av Arna stasjon er allereie i gang. Andre stasjonar på Vossebanen skal òg bli fornya for å handtere meir trafikk, seier samferdselsministeren.
Mellom Fløen og Bergen skal det bli bygd dobbeltspor, slik at det blir samanhengande dobbeltspor mellom Bergen og Arna. I tillegg kjem Nygårdstangen godsterminal i Bergen til å bli oppgradert, slik at terminalen kan handtere meir gods.