Dei to fyrstnemnde tunnelane ligg på riksveg 5, den siste på riksveg 13 Vikafjellet.
Alt i gong i Naustdalstunnelen
I Naustdalstunnelen er me alt i gong, og startar jobben denne veka.
I den 5970 meter lange tunnelen mellom Førde og Florø skal det sprengjast to nye snunisjar.
Den eine skal liggja om lag 500 meter frå Naustdal-sida, den andre om lag 600 meter inn frå Florø-sida.
Dette skal gjerast i Fjærlandstunnelen
Fjærlandstunnelen er 6397 meter og ligg på grensa mellom kommunane Sogndal og Sunnfjord.
Ein eksisterande nisje i sørenden av tunnelen (mot Bøyadalen) skal forlengjast med 30 meter for å gje plass til nytt teknisk bygg.
Dette skal gjerast i Storehaugtunnelen
Den 1044 meter lange Storehaugtunnelen ligg på riksveg 13 Vikafjellet rett sør for Sognefjorden.
Her skal det sprengjast ein ny nisje rett innanfor kuldeporten, også her for å setja opp nytt teknisk bygg.
– Vi bygger snunisjane fire meter breie med lik sikt i begge retningar. Dermed får vi ei totallengde på nisjane på 110 meter. Nisjane er 40 meter lange og havarilomma er 30 meter, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
Kvifor snunisjar?
Kravet er alle tunnelar over fire kilometer skal ha snunisjar.
Ofte er desse plasserte langt inne i tunnelane, noko som gjer dei mindre attraktive å snu i for brøytebilane. Difor vert nisjane i dette prosjektet bygd nærare utgangane.
Delvis lange stengingar
Sprengningsarbeidet i samband med å opparbeida nisjane vil finna stad om natta, når trafikken er lågast.
– Entreprenør treng 2x3 timar lange stengningar får å kunna sprengja og sikra vegen før opning om morgonen. Når vi er ferdige med fyrste nisja så vil det bli litt arbeid på dagtid med kompletteringsarbeid, vass/frostsikring asfalt og så vidare.
Statens vegvesen håpar å vera ferdige med arbeidet til jul.
– Så vi må be om litt tolmod frå bilistane si side. Ved sprengning og sprøytebetongarbeid må vi ha lange stengningar, avsluttar Hovland.
Desse leverte tilbod på oppdraget
Sunnmørs-firmaet Aurstad Tunnel AS har fått oppdraget, etter å ha levert det lågaste av fire tilbod:
Tilbydar: | Tilbodssum: |
Aurstad Tunnel AS | 35.526.227 |
Hæhre Entreprenør AS | 35.992.055 |
BMO Tunnelsikring AS | 43.587.800 |
Magne Hafstad AS | 52.113.963 |