Det seier byggeleiar Jone Mysing i Statens vegvesen.
– Vi blir ofte kontakta av syklistar som er irriterte fordi våre entreprenørar og andre som jobbar for oss, parkerer bilane sine nær og på gang- og sykkelvegane, legg han til.
– Dette er fordi vi legg til rette for mjuke trafikantar
Det er viktig for Statens vegvesen å legge til rette for mjuke trafikantar.
– Som ein av del av samfunnsoppdraget vårt har vi derfor brukt tid og pengar først på å bygge gang- og sykkelvegar i Stavanger-området. Deretter gjer me vårt ytste for å drifte og vedlikehalde dei.
For å få til dette, er det nødvendig for våre dyktige entreprenørar og andre som skal inn og gjere ein jobb, delvis å bruke gang- og sykkelvegane til parkering når dei skal gjere jobben sin.
Dei gjer ikkje det for å vere til hinder for dei mjuke trafikantane, men tvert imot for å sørge for at trafikantane framleis har trygge gang- og sykkelvegar å ferdast på, understrekar Mysing.
Entreprenør gjer det dei kan for å parkere til så lite sjenanse som mogleg. Dei prøver også å parkere først og framst på oversiktlege stader. Lèt ikkje det seg gjera, så skiltar dei for å varsla syklistane.
– Ha forståing for andre sin kvardag
– Statens vegvesen og entreprenør har forståing for kvardagen til syklistane. Men då ber me også om at dei har forståing for kvardagen vår. Tilpass farten etter forholda, og hugs at gang- og sykkelvegane gjeld for fleire enn deg, appellerer byggeleiaren.
No går vi inn vintersesongen. Som ein del av vinterdrifta for trygge gang- og sykkelvegar høyrer det med å salte. Dette blir gjort preventivt, altså i forkant av varsla snøfall, for at det ikkje skal danne seg is.
– Vi gjer det me kan for å redusere saltmengda, ved hjelp av vêrdata og teknologi. Samtidig er det slik at saltlake bidreg til å binde fukta, slik at reduserer isdanninga på gang- og sykkelvegane. Dette er i interessa både til syklande og gåande.
Dette til informasjon viss brukarar av gang- og sykkelvegane møter på saltbil sjølv om det ikkje er glatt der og då, avsluttar byggeleiar Jone Mysing i Statens vegvesen.