Det vert ytterlegare trafikksikring ved Dalseidtunnelen på E16. Foto: Google Street View
Publisert: 02.11.2021 

Dalseidtunnelen på E16 vert endå tryggare

Statens vegvesen sine grundige og jamnlege inspeksjonar har avdekt behov for ytterlegare trafikksikring langs Dalseidtunnelen.

– Det skal setjast opp skrednett på Dale-sida av tunnelen. For å førebu dette arbeidet har me inspisert fjellsida. Då avdekte me fleire større, lause steinblokker, seier byggeleiar Åge Johan Fanebust i Statens vegvesen.

Slik blir trafikkavviklinga

Når desse skal ned, noko som etter planen skjer onsdag denne veka (3. november) kan det få konsekvensar for trafikkavviklinga i området.

Jobben ved Dalseidtunnelen skal etter planen utførast frå klokka 12.00 og utover. I verste fall kan E16 bli stengt ei stund.

– Me har full forståing for at oppdrag som dette kan opplevast som særleg krevjande for bilistane, då det er lange omkøyringsvegar i dette området. Men då er det ikkje mindre viktig å minna om at me gjer dette arbeidet nettopp for dei som trafikkerer denne strekninga, for at trafikktryggleiken skal kunna varetakast også i framtida, seier Fanebust.

Viss vegen ved Dalseidtunnelen må stengjast over lengre tid, er den tilrådde løysinga mellom Bergen og Voss å køyra om Hardanger på fylkesveg 49 og 79.

Mykje inspisert

Eit strengt inspeksjonsregime bidreg til god trafikktryggleik. Tunnelar og skjeringar inntil desse er mellom dei mest inspiserte elementa på norske riksvegar.

Og det var nettopp under ein slik inspeksjon av Statens vegvesen avdekte blokkene som no må takast ned.

Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar om å førebu seg på omkøyringar, og sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske vegar.

Meir arbeid ved tunnelen

Statens vegvesen planlegg også å forlengja portalen utanfor tunnelopninga.

– Det er støypt tunnelportal ut frå fjellet, slik som ved dei fleste tunnelar. Den er sikra med dekk, plankar og skytematter for i best mogleg grad å vere beskytta viss det kjem steinar ned.

Statens vegvesen har førebudd arbeidet med å få ned dei lause steinblokkene. Desse er i terrenget cirka 50-60 meter over portalen.

– Hus i nærleiken er sikra, og me har sett ut store dekk og konteinarar framføre dei tekniske bygga utanfor tunnelen, avsluttar Fanebust.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur