Det er i dag busslomme for påstiging for skulebuss mot Oppdal, men det manglar busslomme for avstigning når du kjem frå Oppdal.
Startar med sørgåande busslomme
Eksisterande busslomme på nordsida av E6 er av så god kvalitet at det er tenkt å gjenbruke denne, men det blir laga eit større venteareal gjennom at vegskulder blir asfaltert med 1,5 meters ekstra breidde.
På sørsida av E6 er det planlagt ny busslomme med tilhøyrande venteareal, som blir opparbeidd som ei asfaltert vegskulder i 2 meters breidd. Busslomma er plassert rett etter ei rettstrekking slik at sjåfør får sikt bakover når bussen skal køyre på E6.
– Det blir laga fylling med så bratt helling som mogleg for å gjere minst mogleg naturinngrep, og det leggjast opp til naturleg drenering. Det blir ikkje rekkverk eller belysning knytt til busstoppa. Det har vore lagt vekt på å behalde god sikt for eksisterande avkøyringar. Totallengda for den nye busslomma blir 54 meter og med 3,25 meters breidde, seier byggjeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen.
Arbeidet startar opp denne veka og vil gå føre seg dei kommande vekene. Det blir først byrja å jobbe med å breiddeutvide sørgåande busslomme, også vil nordgåande busslomme takast etterpå. Medan arbeida går føre seg vil eitt køyrefelt bli stengd og det blir trafikkavvikling med lysregulering.
Betre trafikktryggleik
– Vi ønskjer å gi honnør til grunneigar som tok kontakt med oss knytt til behovet for ei meir trafikksikker løysing på Myrset, og det er gledeleg at vi no får dette på plass. Dette vil gi betre trafikktryggleik knytt til av- og påstiging for busspassasjerar, og då spesielt for dei som dagleg trafikkerer her til og frå skule, understrekar Hauståker.
Ver tolmodig og merksam
Statens vegvesen oppmodar til at trafikantane viser omsyn, er tolmodige og merksame og følgjer skiltinga og lysreguleringa i anleggsperioden. Tryggleiken for trafikantane og dei som arbeider er det aller viktigaste.