Frå klokka 16.30–17.30 blir det kolonnekøyring medan Statens vegvesen riggar til og førebur øvinga.
Sjølve øvinga finn stad klokka 17.30–19.00. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd.
Klokka 19.00–19.30 blir det kolonnekøyring medan vi riggar ned og ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.
Øvinga skjer i samarbeid med Vegtrafikksentralen, Kinn brann og redning, politi og helse.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom noko skulle skje, seier brannvernleiar Atle Johnny Rygg i Statens vegvesen.
– Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal halda slike øvingar. Det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for trafikantane, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, for å halda tunnelane trygge, legg han til.
– Vi gjer dette for å vera førebudde
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, understrekar Rygg.
Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging.
– Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa. For å simulera brann i køyretøy nyttar vi røykmaskin for å laga røyk i tunnelen.
Statens vegvesen oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
Det har aldri vore fleire moglegheiter for å oppdatera seg på trafikkbiletet enn i dag.
Dette er tunnelen
Den 1883 meter lange Stedjebergtunnelen vart opna i 1985.
I dag køyrer det i gjennomsnitt 2.620 køyretøy dagleg gjennom tunnelen. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
Av dette er 15 prosent, eller 393, lange køyretøy (tungtrafikk).
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Derfor held Statens vegvesen øvingar som dette, noko som er ein av viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett, avsluttar Rygg.