Øvinga startar klokka 22.00 måndag 30. januar, og er ferdig klokka 01.00 31. januar.
Dette er tunnelen
Den 2133 meter lange Arnanipatunnelen på E16 i Bergen, mellom Indre Arna og Tunestveit, opna i 1980.
Den blir gjennomsnittleg trafikkert av 13.600 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 12 prosent, eller 1632, lange køyretøy (tungtrafikk).
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.
Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa.
Minimerer ulemper
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.
– Som sagt så har vi forståing for at stengd veg kan være krevjande for trafikantane. Difor freistar vi alltid å minimera ulempene når vi må stengja, og legg difor øvinga til den tida på døgnet då det er minst trafikk. I tillegg er omkøyringa om Garnes både skilta, innarbeidd og ikkje spesielt lang, avsluttar Ove Edgar Amundsen.