Foto: Henrik Jonassen/SD
Publisert: 13.05.2022 

Bodø og Ålesund: 30 millionar kroner til grøn byutvikling og god framkome

Regjeringa foreslår at Bodø og Ålesund blir tildelt 15 millionar kroner kvar for å fremje klima- og miljøvenleg byutvikling, gjennom å styrkje satsinga på kollektivtransport, sykling og gonge. Det er lagt opp til at dei to byane deler likt på 30 millionar kroner, som er midlane som er sett av for 2022. Utbetalinga i 2022 vil vere ei eingongsutbetaling.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 blei det sett av midlar til ei ny tilskotsordning som var øyremerkt fem mindre byområde som ikkje er omfatta av byvekstavtaler: Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik).

I Nasjonal transportplan var det lagt opp til ei ramme på 600 millionar kroner for ordninga over fire år tidleg i planperioden. På grunn av den økonomiske utviklinga, med fare for oppheting av økonomien og avgrensa rom for nye store tiltak, meiner Samferdselsdepartementet at ordninga ikkje bør starte opp no. Departementet vil kome tilbake med ei ny vurdering i statsbudsjettet for 2023.

Både Bodø og Ålesund har bypakkar som nyleg er behandla i Stortinget, der det er lagt opp til ei satsing på kollektivtransport, sykling og gonge. Desse to byområda er derfor etter Samferdselsdepartementets vurdering kome nærast i å oppfylle krava som var knytt til tilskotsordninga.

Sjå også: Prop. 111 S – Nokre saker om veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur