Dei fem tunnelane ligg på rekke og rad Suldal kommune – på ei 15 kilometer lang strekning, i rekkefølge frå ytst til inst langs Suldalsvatnet:
Suldalsporten (733 meter) skal få 34 nye armaturar, Vågstunnelen (837 meter) får 39, Mokleivåsen (449 meter) 24, Vikatunnelen (1188 meter) 53 og Falkalitunnelen (1202 meter) får 53 nye lysarmaturar.
– No skal vi kvalitetssikra og kontrollregna tilboda, og tar sikte på å signera kontrakt med den nye entreprenøren så snart som mogleg, seier byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
Jobben skal vera ferdig innan utgangen av året.
Seks firma har levert tilbod på jobben, og Roxel Infra AS frå Stavanger er lågast.
Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva |
Roxel Infra AS | 4.799.060,97 |
Bilfinger Norway AS | 4.905.297,00 |
OneCo Infra AS | 5.501.796,14 |
Otera Traftec AS | 5.647.643,50 |
Aventi Installation AS | 6.625.599,64 |
NLI Elektrosystemer AS | 7.932.415,00 |