Overgangsbruene skal gå over to spor og byggjast i stål, glas og betong med trapp og heis i kvar ende. Slik kan resultatet verte på Evanger. Foto: Bane NOR
Publisert: 11.08.2020 

Bane NOR startar bygging på Evanger og Dale

Hausten 2020 byrjar anleggsarbeidet ved stasjonane på Evanger og Dale. Ein lokal og ein dansk entreprenør skal gjere første del av jobben med å modernisere dei to stasjonane mellom Voss og Bergen.

Nye lokaltog på Vossebanen er ein viktig årsak til at stasjonane på Evanger og Dale no får lengre plattformer og planfri kryssing av sporet. Etter at planane gjekk gjennom i dei to kommunestyra i 2019, har prosjektet fått klarsignal frå Jernbanedirektoratet og utarbeidd ein detaljert byggeplan.

Emmeche Hjemmen er prosjektleiar for moderniseringa av Evanger og Dale stasjonar. Foto: Bane NOR

Tidlegare i sommar vart dei første anboda lyste ut i marknaden. Bane NOR har no signert tre kontraktar:

  • Spilde Entreprenør frå Voss skal gjere førebuande anleggsarbeid med start i august.
  • Det danske selskapet Aarsleff Rail skal byggje overgangsbruer med heishus.
  • Infranord AB har fått oppdraget med å fundamentere nye kontaktleidningsmaster.

– Me er glade for å få med oss erfarne entreprenørar som har solid jernbanekompetanse og kjenner området vårt. Valet fall på desse tre etter ei totalvurdering av kvalitet, gjennomføring og pris, seier prosjektleiar Emmeche Hjemmen i Bane NOR.

I løpet av hausten kjem nok ei utlysing, denne gong for arbeidet med å forlenge plattformene. Arbeidet på dei to stasjonane vil gå parallelt.

Dei nye overgangsbruene skal vere ferdige mot slutten av 2021 og plattformene innan utgangen av året etter.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur