Utfordrande rehabiliteringsjobb på Bergen stasjon

Utfordrande rehabiliteringsjobb på Bergen stasjon

I fleire månader framover vil Bergen stasjon framstå som ein byggjeplass. Denne gongen er det dei store stålbogane i toghallen som skal pussast opp.

  • bane
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Bergen stasjon er typisk for store jernbanestasjonar fram til første verdskrigen, med hovudbygning i stein og toghall med taktekking av  glas og skiferheller som kviler på bogeforma stålspenn. Østbane- og Vestbanehallen i Oslo, og Trondheims første stasjon, var sekkestasjonar bygde etter same mønster, men av desse er  det berre Bergen stasjon som framleis har sin opprinnelege funksjon.

Medan rehabiliteringsarbeidet pågår, skal trafikken gå mest mogeleg uhindra, men passasjerar og tilsette på stasjonen vil merka aktiviteten. Sjølve fagverksbogane, fagverksdragarane og sekunderberinga for skifer- og glastak skal sandblåsast og målast. For å skilja arbeidet frå publikum er det  foreslått ei heildekkjande arbeidsplattform på stillas, ca. 7,5 m over plattforma. Skiferhellene og glasplatene må demonterast for å få utført jobben. Sandblåsinga krev at arbeidsplattforma blir støvtett, og støydemping blir vurdert.

[img id="1"]

Den ytre delen, utanfor betongbogen, har første prioritet. Prisen avgjer om den indre delen, i ventehallen, kan inngå i oppdraget.

Meir arbeid

Parallelt med dette driv ROM Eiendom med opprusting av fasadar, vindauge og dørar innafor betongbogen, noko som medfører stillasbygging også der. Måling av innvendes veggar er snart ferdig. I vestibylen skal det leggjast nye fliser. Møblementet i toghallen skal også skiftast, og dei to buene som husar billettsal og vektarteneste skal flyttast litt ut på plattforma, slik at den originale veggen blir synleg att.

Bergen stasjon har gjennomgått ein del endringar sidan han vart opna i 1913. Han erstatta då den opprinnlege stasjonen frå vossebanetida, som låg ute ved Lille Lungegårdsvann.  Denne første stasjonen vart seinare riven. Som nemnt ovanfor er stasjonen unik i Noreg. Stasjonen vart derfor freda i 2003. Mykje av det som no skjer, er med på å tilbakeføra stasjonen mot det opprinnelege.

Stasjonen vart teikna av arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Han teikna i same periode Gamlehaugen for Chr. Michelsen (1900) og den nye delen av Tyskebryggen (1904). Sjølv om ikkje omgrepet kortreist var kjent, var byggjematerialane lokale: Veggar i hoggen gneis frå Skreien ved Vaksdal, sokkel  i augegneis frå Løvstakken (eitt av dei sju fjell) og takskifer frå Voss.

 

INTERCITY/17. august 2018

InterCity gjennom Hamar: Bruløsning tatt ut av det vestre traséalternativet

- Alternativet med bru over Hamarbukta vil gi svært store ulemper i Hamar by. Vi anser det derfor ikke som realistisk å bygge Dovrebanen med en slik løsning. Da er det heller ingen grunn til å bruke tid og penger på å planlegge denne løsningen videre, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Les hele saken

Til toppen