Tor Oxhovd Svalesen vant Bygdeutviklingsprisen

Tor Oxhovd Svalesen vant Bygdeutviklingsprisen

- I ei tid med stort fokus på klima- og miljøutfordringar er det ei stor glede å dele ut prisen til ein person som har lagt ned ein stor innsats i å gjere energiforsyning meir kortreist, miljøvennleg og berekraftig, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Tor Oxhovd Svalesen med selskapa Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS frå Oppland stakk av med sigeren om den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Noreg for 2015.

Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Anita Krohn Traaseth for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.

[factbox id="1"]

I tråd med det grøne skiftet

Oxhovd Svalesen har fått støtte frå bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge, som er ei av dei «grønaste» ordningane til Innovasjon Noreg.

- Innovasjon Noreg har målsetjingar om at ein aukande  del av dei prosjekta vi deltek i skal verta stadig meir miljømessig bærekraftig, og i så måte kan bioenergiprogrammet tene som inspirasjon, legg Krohn Traaseth til.

Tor Oxhovd Svalesen er eit godt døme på at landbruket tek energi- og klimautfordringane på alvor. Oxhovd Svalesen som er sivilingeniør i bygg og miljøteknikk frå NTNU, og er også eit godt døme på ein person som dreg ut for å skaffe seg utdanning og kunnskap som han så tek med seg heim, tilpassar til lokale forhold og skapar framtidsretta arbeidsplassar.

God butikk og betydelege ringverknader

Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS har investert betydelege beløp. Trass i låge prisar på straum og olje tener selskapa gode pengar.

Oxhovd Svalesen har også vore ein føregangsmann i å utvikle eigne tomteområde frå rå tomt til ferdig regulerte bustad- og hyttetomter med tilhøyrande infrastruktur som biovarme og fiberkabel.  Gjennom utstrakt samarbeid med andre grunneigarar, anna næringsliv og statens vegvesen bidreg verksemda også til betydeleg lokal verdiskaping.

HAVN/14. november 2018

Skal bygge havn for verdens første autonome skip

Yara Birkeland er verdens første autonome skip og skal erstatte 40 000 turer med vogntog per år, mellom Herøya og havnene i Brevik og Larvik. NRC Group, ved datterselskapet ALTi Bygg og Anlegg AS, vant nylig oppdraget om å bygge den nye terminalen for skipet. Den nye havnen er avgjørende for å kunne sette nullutslipps-skipet i drift. Oppdragsgiver er Yara Norge AS. Les hele saken

Til toppen