Styrkt satsing på jernbane

Styrkt satsing på jernbane

– Regjeringas prioritering av jernbanen har gitt gode resultat, med stor passasjerauke og auka avgangsfrekvens på fleire strekningar. I 2019 vil arbeidet med å løfte norsk jernbane til eit moderne transportsystem halde fram. Regjeringa prioriterer bygging og planlegging av ny infrastruktur, innfasing av fleire nye tog i trafikk og auka framdrift i arbeidet med å skifte ut dei gamle signalanlegga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Regjeringa foreslår om lag 26,4 milliardar kroner til jernbaneformål i 2019, ein auke på om lag 2,9 milliardar kroner, eller 12,4 prosent, samanlikna med vedtatt budsjett i 2018.

Aktiviteten i jernbanesektoren har auka i fleire år, og for 2019 går regjeringa inn for å styrke satsinga på jernbanen. Dette er naudsynt for å møte etterspurnaden etter miljøvenlege, raske og arealeffektive kollektivtransportløysingar. Prioriteringa av jernbanesektoren heng saman med satsinga på å styrke transportkvardagen i dei ni største byområda. Regjeringa foreslår å løyve i alt 3,7 milliardar kroner til betre kollektivtransport, tiltak langs vegane og tilskot til infrastruktur i store kollektiv prosjekt. Dette er ein auke på nær 50 prosent frå 2018. 

Midlane til jernbaneformål er fordelte med om lag 10 milliardar kroner til utbygging av investeringsprosjekt, om lag 2,2 milliardar kroner til planlegging av investeringsprosjekt, nær 8,9 milliardar kroner til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen og 3,8 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog, inkludert midlar som legg til rette for kjøp av nye tog. Inntil 0,9 milliardar kroner er foreslått til utbetaling av tilskot til pensjonsforpliktingar i NSB AS og togvedlikehaldsselskapet Mantena AS i samband med utmelding frå Statens pensjonskasse.

Nye prosjekt – anleggsstart og vidareføring 

Regjeringa legg opp til anleggsstart for InterCity-prosjekta Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker på Vestfoldbanen i 2019. Desse utbyggingane vil realisere samanhengande dobbeltspor mellom Oslo og Tønsberg i 2025, med redusert reisetid og vesentleg auke i avgangsfrekvensen i togtrafikken mellom Oslo og Tønsberg.

Regjeringa legg òg opp til god framdrift på pågåande store byggeprosjekt i 2019. Desse vil gi redusert reisetid, fleire avgangar og auka kapasitet for godstoga.

Follobanen mellom Oslo og Ski skal etter planen skal stå ferdig i 2021, og ny Ulriken tunnel i Bergen i 2020. I statsbudsjettet for 2018 er det løyvd midlar til anleggsstart for InterCity-prosjekta Venjar-Eidsvoll-Langset på Gardermo- og Dovrebanen, og Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen. Desse blir vidareførte i 2019 og skal etter planen bli opna for trafikk i høvesvis 2023 og i 2024.

Regjeringa foreslår òg midlar til fleire mindre investeringstiltak. Dette omfattar mellom anna bygging av anlegg for parkering av tog, forlenging av plattformar og fleire kryssingsspor. Tiltaka er nødvendige mellom anna for å auke kapasiteten i jernbanenettet og betre vilkåra for godstrafikken.  

Planlegging av nye prosjekt

For å gjere utbyggingsprosjekta klare til anleggsstart, er det naudsynt med stor planleggingsaktivitet. I 2019 prioriterer regjeringa rasjonell framdrift, ikkje minst for InterCity-strekningane til Hønefoss, Hamar og Sarpsborg. Med dette tar vi sikte på å starte bygginga av Ringeriksbanen i 2021. I tillegg blir planlegginga av InterCity-utbygginga vidareført, med sikte på å realisere eit styrkt togtilbod til Hamar i 2026 på Dovrebanen og til Sarpsborg i planperioden.

Rasjonell planleggingsaktivitet er det òg lagt opp til for prosjektet Arna-Stanghelle på Vossebana/Bergensbanen.   

Regjeringa prioriterer midlar til vidare utgreiing av tiltak som kan gi betre tilbod til dei reisande og fleire avgangar på Trønderbanen. Dette omfattar òg løysingar som full eller delvis elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen. Elektrifisering i seg sjølv gir ikkje eit betre rutetilbod for pendlarane. Det er naudsynt med andre tiltak for å auke avgangsfrekvensen på Trønderbanen.   

Drift og vedlikehald – rasjonell framdrift for ERTMS-prosjektet

For at person- og godstog skal klare å halde rutetabellane, er det viktig med vedlikehald og fornying av den eksisterande infrastrukturen. Dette arbeidet skal bidra til å redusere omfanget av ikkje-planlagde avvik i togtrafikken, slik at passasjerar og næringsliv kan ha tillit til jernbanen.   

Blant dei viktigaste årsakene til forseinkingar og innstillingar er feil på signalanlegga. I løpet av dei neste 15 åra skal det felleseuropeiske signal- og sikringssystemet ERTMS erstatte alle dei eksisterande signalsystema på jernbanenettet. Dette legg til rette for ein meir driftssikker og effektiv trafikkavvikling. Ein vesentleg del av midlane til vedlikehald er sette av til å auke aktiviteten i ERTMS-prosjektet. For 2019 er det lagt opp til vidare planlegging og noko forarbeid på Gjøvikbanen og Nordlandsbanen, som er dei to neste strekningane der det blir innført ERTMS.     

Nye tog på Vossebana og på Austlandet 

I alt 11 nye togsett av typen Flirt skal ut i trafikk i 2019. Tidlegare i år starta utskiftinga av dei gamle toga på Vossebana med nye Flirt-tog. Utskiftinga blir fullført i 2019 med innfasing av 7 nye togsett. Nye tog gir betre komfort og betre drifssikkerheit for lokaltogpassasjerane på Vossebana. Dei resterande fire Flirt-setta skal inn i trafikk på Austlandet for å auke kapasiteten i rushtida. I 2018 skal fleire Flirt-sett i trafikken på Austlandet bli oppgraderte med betre utstyr for nett- og mobildekning. Dette legg til rette for ei betre togtilbod for dei reisande. 

INTERCITY/10. desember 2018

– Det er avgjørende viktig å tenke helhet

Mandag 26.november ble den offisielle byggestarten for dobbeltsporet fra Venjar på Gardermobanen til Eidsvoll Nord på Dovrebanen markert. – Det er avgjørende viktig å tenke helhet, sa samferdselsminister Jon Georg Dale ved anleggsstarten. – Derfor bygger vi nå først ut hele indre intercitynettet, deretter ytre intercity. Les hele saken

Til toppen