Samferdselsminister Jon Georg Dale har fått sin habilitet vurdert
(Foto: Torbjørn Tandberg)

Samferdselsminister Jon Georg Dale har fått sin habilitet vurdert

Samferdselsminister Jon Georg Dale bad kort tid etter at han blei utnemnd til samferdselsminister om å få sin habilitet vurdert knytt til behandling av visse saker innanfor elektronisk kommunikasjon og sjøtransporttenester. Bakgrunnen var relasjonane han har til Vidar Brein-Karlsen (Huawei Technologies Norway), Reynir Jóhannesson (Ice) og Arne Johan Dale (Havila Shipping). Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har no kome med sine vurderingar.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

– Eg er opptatt av å opptre ryddig, derfor bad eg om desse vurderingane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Lovavdelinga si vurdering er at samferdselsministeren ikkje er inhabil i saker som omhandlar rammemmevilkår for ekomaktørane generelt og normalt heller ikkje i saker som rettar seg mot Huawei spesielt.

Lovavdelinga peikar likevel på at samferdselsministeren lettare vil kunne vere inhabil i enkeltsaker som har ei side mot sikkerhetsloven § 29 a og som særleg vil få konsekvensar for Huawei.

– I saker som har ein direkte og konkret konsekvens for Huawei og som er av ein viss økonomisk størrelse, vil eg derfor be statsministeren om at det blir utnemnd ein settestatsråd, seier Dale

Når det gjeld saker retta mot Ice, er samferdselsministeren i utgangspunktet ikkje inhabil, men ein eventuell bruk av settestatsråd vil bli vurdert i saker kor Reynir Jóhanneson har vist eit særleg engasjement eller har ei særleg interesse i saka utover det som naturleg følger med stillinga hans, jf. Lovavdelingas vurdering.

Når det gjeld saker som omhandlar kystruta Bergen-Kirkenes har Lovavdelinga vurdert at inhabilitet i fyrste rekkje kan oppstå i saker som særleg rettar seg mot Havila-konsernet, typisk ved at Havila-konsernet har ei særleg partsinteresse i saka. I slike saker vil samferdselsministeren be statsministeren om at det blir utnemnt ein settestatsråd.

– Eg er nøgd med at Lovavdelinga no har gjort ei grundig vurdering av habiliteten min i desse sakene, slik at eg kan opptre ryddig. Eg vil be statsministeren om at det blir oppnemnd settestatsråd i tråd med tilrådingane til Lovavdelinga. Utover det vil eg vere spesielt merksam i handtering av saker opp mot disse tre selskapa og i omgang med dei tre nemnde personane, på same måte som eg vil vere merksam på habilitetsspørsmål i alle sakar eg er inne i som samferdselsminister, seier Jon Georg Dale.

Les vurderinga her.

JERNBANE/18. oktober 2018

Go-Ahead er tildelt kontrakten for Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen

Jernbanedirektoratet har besluttet at kontrakten for å stå for togtilbudet på Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen tildeles Go-Ahead Norge AS. Tre togselskap var med i sluttfasen av konkurransen og det var små forskjeller mellom dem. Les hele saken

JERNBANE/16. oktober 2018

Dobbeldekkertog som midlertidig løsning på Østfoldbanen blir for dyrt

Jernbanedirektoratet har nå konkludert i spørsmålet om innleie av dobbeltdekkertog kunne være en midlertidig løsning for å gi bedre passasjerkapasitet på Østfoldbanen. Grundige undersøkelser viser at dette blir for kostbart som en midlertidig løsning. Les hele saken

Til toppen