Det var (f.v.) fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal, ordfører Tormod Våga, statssekretær Knut Morten Johansen og regionvegsjef Helge Eidsnes som fikk æren av telle ned da sprengninsleiar Åsmund Solstad fyrte av den første salva.
Det var (f.v.) fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal, ordfører Tormod Våga, statssekretær Knut Morten Johansen og regionvegsjef Helge Eidsnes som fikk æren av telle ned da sprengninsleiar Åsmund Solstad fyrte av den første salva. (Foto: Øyvind Ellingsen)

Samanlikna Rogfast med Apollo11

Torsdag blei den fyrste salva fyrt av på det som skal bli den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda. Totalt skal det byggas 58 kilometer vegtunnel.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Det blei ein stor dag for kommunane i sør og nord Rogaland torsdag, eller som fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal sa under talen sin.

– Vi har ringt, gått på møte, skreve brev og vi har vore på Stortinget. Likevel er det uverkeleg at vi no endeleg er i gong. For ein start på 2018.

Vegvesenets månelanding

Det er store dimensjonar på det første store prosjektet for fergefri E39 Kristiansand – Trondheim. Rogfast blir 26,7 kilometer lang med to løp, ned til 392 meter på det djupaste, 4 kilometer lang tunnel opp til Kvitsøy og to ventilasjonssjakter på 10 meter i diameter som skal 250 meter ned frå Kvitsøy. For å gi noken andre tal.

Det skal bygges 44 tekniske bygg, 480 nødstasjonskioskar og det skal monteras 7000 lysarmaturar, 3000 ledelys og trekkas 300.000 meter kablar for belysning.

Alt på Rogfast er stort, og fleire har teke til orde for at Rogfast er vegvesenets månelanding. Bokn-ordførar Tormod Våga var ein av mange Rogalands-ordførare som deltok under markeringa då den aller fyrste salva blei fyrt av torsdag og han siterte Neil Armstrongs då astronauten i 1969 sette sine bein på månen.

Thats one small step for a man – One giant leap for mankind

Store kontrakter kommer

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for Rogfast, og var en særdeles glad mann då den fyrste salva gjekk av.

Den første salva for Noregs største vegprosjekt gikk av 4. januar. Foto: Øyvind Ellingsen

– Dette har vi venta lenge på. No er vi i gang, sa han og smilte.

NCC er entreprenør på den fyrste kontrakten, men 184 millionar er ein av dei minste kontraktane som skal tildeles. Den neste utlysinga skjer seinare denne månaden, og den har ein annan storleik.

– Kvitsøy-kontrakten (E02) har ein vurdert kontraktsverdi på over 3 milliardar kroner, og er også den mest teknisk utfordrande. Det skal blant anna byggjast to ventilasjonssjakter med ein diameter på 10 meter, som skal sprengjast ned 250 meter før dei treffer tunnelløpa. Dette er aldri blitt gjort tidlegare. Det blir også et toplanskryss med to rundkjøyringar under Kvitsøy, seier Espedal. Når E02 er tildelt blir dei to neste store kontraktane kunngjorde med ein vurdert kontraktsverdi på 2,8 og 2,7 milliardar kroner.

Sparar 40 minutt

Rogfast skal vere ferdig innan 2026, og vil knyta nord og sør Rogaland saman. Reisetida blir 40 minuttar raskare frå Bergen til Stavanger når alt står ferdig i 2026.

– Vestlandsfylka har tilsaman om lag 1,3 :millionar innbyggjare og utgjer ei vesentleg verdiskaping. Det er av stor betydning at vi har ein effektiv og god infrastruktur som styrkjer busetjing og næringsutvikling. Vi i Rogaland likar å snakke om at vi har dei lengste og djupaste tunnelane, og med Rogfast stadfester vi denne posisjonen. Dette krev mykje av oss, både som planleggarar, byggjarar – og til slutt som brukarar, sa fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal i sin tale.

PROSJEKTERING/12. desember 2018

Ønsker å heve kompetansen i bransjen

Spesialist i vannbaserte slokkesystemer, Gunnar Sundal, har mange fremragende prosjekter bak seg. Med tidligere stillinger som ingeniør, rørleggermester, prosjektingeniør og saksbehandler, har han nå byttet arbeidsplass til Kiwa. Her satser han som seniorrådgiver mot prosjektering og kontroll av sprinkleranlegg. Les hele saken

INTERCITY/10. desember 2018

– Det er avgjørende viktig å tenke helhet

Mandag 26.november ble den offisielle byggestarten for dobbeltsporet fra Venjar på Gardermobanen til Eidsvoll Nord på Dovrebanen markert. – Det er avgjørende viktig å tenke helhet, sa samferdselsminister Jon Georg Dale ved anleggsstarten. – Derfor bygger vi nå først ut hele indre intercitynettet, deretter ytre intercity. Les hele saken

Til toppen