Omfattande arbeid i Filefjelltunnelen

Omfattande arbeid i Filefjelltunnelen

Sjølv om det vart hol gjennom Filefjelltunnelen i haust, er det eit stort arbeid som gjenstår før tunnelen kan opnast om 1 1/2 år.

  • vei
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Eit langvarig etterarbeid starta i Filefjelltunnelen etter gjennomslaget 27. oktober, og det vil vare heilt fram til hausten 2017 då tunnelen kan opnast for trafikk.

Hæhre Entreprenør er no om lag ferdig med å reinske ut massar frå botn av den 5,8 km lange tunnelen, og dei er komne langt med å bygge opp ny vegbane. Legging av drensleidningar og trekkerøyr går også etter planen, og arbeidet med å vass- og frostsikre tunnelen er godt i gang.

[img id="1"]

Mykje vass- og frostsikring

- Totalt skal det monterast nesten 100 000 kvadratmeter PE-skumplater i to lag i tak og vegger av tunnelen. Dette for å lede bort lekkasjevatn frå fjellet og hindre at det frys til is på vegbana, seier Sverre Kjos-Wenjum, teknisk byggjeleiar i tunnelen.

Utanpå PE-skumplatene skal det monterast armeringsnett som skal dekkast med sprøytebetong for å brannsikre konstruksjonen. Dette er eit tidkrevjande arbeid som vil vare til ut på hausten 2016. Langs begge sidene av tunnelen skal det støypast kantstein og rekkverk, og deler av dette kan først skje etter at vass- og frostsikringa er ferdig.

Arbeid i rute

Før elektromonteringa i tunnelen kan starte skal det monterast 5 stk. betongbygg for elektroinstallasjonane, monterast kabelbru i taket i heile tunnelen og vegbana skal asfalterast.

[img id="2"]

- Etterarbeidet i tunnelen er i rute, og det er forventa at elektroarbeida vil starte opp i januar 2017, slik at det kan gjerast ferdig fram til opning hausten 2017 som planlagt, seier Kjos-Wenjum.

Austre portal på tunnelen vart støypt i slutten av februar, så no er begge portalane klare.

Aktiviteten ute

Når det gjeld arbeid på veg i dagsonene, har det vore redusert aktivitet gjennom vinteren. Sterk kulde, snø og vind har vore ein utfordring i perioder, men ikkje meir enn ein kunne vente. Aust for Grøna bru og mot Kyrkjestølen er det fjerna asfalt på gamal E16 og ny veg er bygd opp, heva i terrenget.

I frå Tyinkrysset og ned mot Varpe bru er det utført masseutskifting og klargjering av ny trasé, og det er lagt til rette for kommunalt vann- og avløpssysytem som er under utlegging.

Ut over våren vil aktiviteten i dagsonene gradvis auke på veganlegget.

ITS/14. november 2018

Oslopakke 3 legger bedre til rette for miljøvennlige reiser

– Oslopakke 3 er en videreføring av initiativene som førte til vedtak om innføring av bompengesystem rundt Oslo. Som i andre byer har bompengeinnkreving finansiert veg- og kollektivutbygging i Oslo. Dette vil nok prege arbeidet med Oslopakke 3 også rent teknisk. Les hele saken

HAVN/14. november 2018

Skal bygge havn for verdens første autonome skip

Yara Birkeland er verdens første autonome skip og skal erstatte 40 000 turer med vogntog per år, mellom Herøya og havnene i Brevik og Larvik. NRC Group, ved datterselskapet ALTi Bygg og Anlegg AS, vant nylig oppdraget om å bygge den nye terminalen for skipet. Den nye havnen er avgjørende for å kunne sette nullutslipps-skipet i drift. Oppdragsgiver er Yara Norge AS. Les hele saken

Til toppen