NVE gir løyve til Marfosselva og Fiskløysa kraftverk

NVE gir løyve til Marfosselva og Fiskløysa kraftverk

NVE gjev Fred. Olsen Renewables AS løyve til å byggje Marfosselva kraftverk i Bindal kommune i Nordland. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere om lag 10,3 GWh per år. Dette svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

NVE legg vekt på at ei utbygging av Marfosselva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte fallet mellom 165 moh. og 8 moh. i Marfosselva. Vassvegen skal gå i tunnel i midtre del av traseen, elles i nedgraven røyrgate. Det er i liten grad trong for å byggje ny veg. Inntaket ligg i reinbeiteland, men vil ikkje sperre flyttveg for rein. Røyrgate og kraftstasjon skal ikkje røre ved naturmangfaldet knytt til fosserøyk i nedre del av elva.

Marfossen er eit tydeleg landskapselement i Åbygda. For å ta vare på verdiar knytt til landskap, fosserøyk og akvatisk miljø er det sett krav om ei minstevassføring i Marfosselva på 350 l/s i sommarsesongen og 120 l/s resten av året. NVE har òg lagt vekt på at slukeevna i prosjektet er låg.

Det kommunale vassverket har vassinntak nedstraums planlagt inntak til Marfosselva kraftverk. Det er ein føresetnad at tiltaket ikkje skal gå ut over vasstilførselen eller –kvaliteten.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Marfosselva kraftverk.

Løyve til Fiskløysa kraftverk

NVE gjev løyve til Skogkraft AS til å byggje Fiskløysa kraftverk i Lierne kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 16,4 GWh per år. Dette svarer til straumbruken til 820 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Fiskløysa kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte fallet mellom 502 moh og 316 moh i Fiskløysa. Vassvegen skal gravast ned på heile strekninga. Det skal byggast veg frå dagens skogsbilveg til inntaket og til kraftstasjonen.

For å ta vare på verdiar knytt til akvatisk miljø og landskap, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring i Fiskløysa på 300 l/s i sommarsesongen og 100 l/s resten av året.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fiskløysa kraftverk.

LUFTHAVN/ 8. november 2018

Kontrakten for Tromsø lufthavns nye terminalprosjekt er signert

– Nå er det offisielt, nå begynner arbeidet med å skape en ny arktisk hub som han bidra til økt vekst i hele regionen,» Sier Eskild Andersen. «Prosjektet har høy prioritet da trafikkveksten i nord forventes å fortsette, og vi gleder oss til å kunne få bedre kapasitet og fasiliteter i Tromsø. sier Thorgeir Landevaag, divisjonsdirektør i Avinor. Les hele saken

Til toppen