Fylkesveg 98 over Ifjordfjellet i Finnmark, vinner av Vakre vegers pris 2016.
Fylkesveg 98 over Ifjordfjellet i Finnmark, vinner av Vakre vegers pris 2016. (Foto: Knut Opeide)

No kan du avgjere kvar vi finn den vakraste vegen i landet

Statens vegvesen inviterer til å føreslå heile eller delar av eit veg- eller gateanlegg som fortener pris.

  • veg
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Vegdirektørens pris for vakre veger er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Det kan vere vegar, gater, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr. Anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet.

Anlegget må vere godt utforma i høve til omgjevnadene. Det må og fungere godt med omsyn til trafikktryggleik, framkomst, drift og vedlikehald.

Det understrekar Alf Støle og Sunniva Schjetne i Statens vegvesen som sit i fagsekretariatet.

To prisar

Det skal delast ut to prisar: ein pris til eit nyare anlegg, og ein pris til eit anlegg som framhevar seg når det gjeld drift og vedlikehald.

Vidare kan strategiar for drift og vedlike­hald som ivaretek reiseoppleving, landskapskvalitetar og kultivering av kvalitetar som får fram det vakre i kvardagslandskapet vere aktuelle.

Vegdirektørens pris for vakre veger blir delt ut anna kvart år. Tidlegare vinnare er mellom anna Kongevegen over Filefjell, Bybana i Bergen, fv. 98 Ifjordfjellet og Drøbak.

Frist for å sende inn forslag er 3. juni

Skjema for innsending av forslag 

Uavhengig fagjury

Prisvinnarane vert utpeikt av ein uavhengig fagjury. I tillegg til vegdirektøren er juryen samansett av representantar frå Norske landskapsarkitektars foreining, Norske arkitek­tars landsforbund, Teknisk-naturvitskapeleg foreining (TEKNA), Norges teknisknaturvitskapelege universitet (NTNU), Norges miljø- og biovitenskapelige universi­tet (NMBU), Riksantikvaren og Kunst i offentlige rom (KORO).

 

BANE/24. april 2018

Bane NOR gir verktøyene som sikrer at godset kommer fram

Etter en stri vinter, der punktligheten for godstrafikken har vært langt under målet, har Bane NOR satt i verk noen kortsiktige tiltak som skal gjøre frakt av gods på bane mer forutsigbart. For Bane NOR er det viktig å bidra til at godset kommer frem på en mest mulig hensiktsmessig måte, også ved trafikkavvik. – Det vi nå tilbyr vil i sum gi økt fleksibilitet for godsnæringen. Les hele saken

Til toppen