God start for Loftesnesbro

God start for Loftesnesbro

Arbeidet med rv.5 Loftesnesbrui starta opp denne veka, og første arbeidsoperasjon er utfylling i sundet.

  • vei
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

- Me gler oss over at entreprenørane no er i gang med å frakte stein, og då første lasset vart tømt på Loftesnes måndag, var det ei stor milepel for prosjektet. Dette har me jobba fram mot lenge, og det er utruleg godt å sjå at arbeidet er i gang, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Første lass

Ein lastebil frå K. A. Aurstad dumpa første lasset i steinfyllinga måndag føremiddag, og no går fire lastebilar i skytteltrafikk frå Valeberg og ned til Loftesnessundet. Med tre turar i timen kvar, betyr det at om lag tolv lass med stein blir lagt ut kvar time. Totalt skal 40.000 kubikk masse leggjast ut på Loftesnes, for å danne ei ny landtunge der brua etter kvart vil kome i land. På Sogndal-sida skal 10.000 kubikk leggjast ut, som fundament for den nye brua og rundkøyringa som skal opp der.

Stor interesse

Både Statens vegvesen og det austerisk-norske arbeidsfellesskapet "Loftesnesbrui PORR-Aurstad ANS" var godt representerte under markeringa, og i tillegg var Sogndals-ordførar Jarle Aarvoll til stades for få med seg at arbeidet starta opp.

I siste del av februar ventar entreprenørane å vere i gang med peling i sundet, og pelane dannar grunnlaget for brufundamenta ute i fjorden. Den nye brua vil stå klar mot slutten av 2017. Så skal den gamle brua rivast, og heile prosjektet skal vere ferdig innan sommaren 2018.

VEG/22. mars 2019

SINTEF gjenoppliver Veglaboratoriet

SINTEF har bestemt seg for å satse mer på samferdsel i tiden som kommer, og har derfor «gjenopplivet» Veglaboratoriet sitt. Dette gjør de fordi de bevisst ønsker å utvikle «grønnere veier» og anleggsprosesser. De vil også påvirke folk til å velge en mer miljøvennlig transport. Les hele saken

Til toppen