Frå offshore til tunnel

Frå offshore til tunnel

Roxel AS vant tilbodet på elektroinstallasjonane i E39 Eiganestunnelen og rv. 13 Ryfylketunnelen.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Den tidlegare offshore-bedrifta var raske med å snu seg rundt då oljenedturen starta.

Dei tre gründerane bak elektrobedrifta Roxel AS, Sigve Sandvik, Dag Øyvind Meling og Trond Ferkingstad har alle bakgrunn frå oljeindustrien. Då dei i 2010 starta Roxel var offshore-marknaden målet. Etter kort tid følgde dei opp strategien om å få fleire bein å stå på. Bygg, anlegg, transportband på flyplassar og annan industri blei nye marknadar. Dei såg tidleg moglegheitene i infrastrukturbransjen. No har Roxel gått frå 70 prosent offshore-kontraktar til ei overvekt av landbaserte oppdrag.

[factbox id="1"]

Gode samarbeidspartnarar

– Det er viktig å gripe moglegheitene når dei dukkar opp, seier dagleg leier i Roxel Infra, Sigve Sandvik. Han såg tidleg at bedrifta ikkje hadde all den nødvendige kompetansen som skulle til for å rekne på det største tilbodet i landet for landbaserte elektroinstallasjonar.

– Vi såg raskt at vi måtte finne gode samarbeidspartnarar. Eg kjente folk i oljeindustrien som var dyktige på automatisering. Dei hadde starta bedrifta Trafsys AS. I tillegg fekk vi med Elcor, Risa og elektroentreprenørbedrifta Tom Staurbakk i Bodø, fortel Sandvik. Samarbeidsgruppa hadde det lågaste tilbodet på 258 millionar kroner. Det vil føre til at 161 tilsette i dei fire selskapa er sikra arbeid i mange år.

Sandvik er audmjuk overfor jobben som skal utførast, og han er førebudd på at dei vil møte på utfordringar.

Ser nye marknader

– Logistikken kan bli ei utfordring, og det same kan likviditeten. Det er store innkjøp av utstyr, og då er det viktig at kablar og andre leveransar ikkje blir liggjande for lenge på lager, poengterer Sandvik. Han er dagleg leiar i Roxel Infra, som er eit av 11 selskap under Roxel-gruppa. Det er ikkje berre innan infrastruktur dei ser nye marknader. Alternativ energi, havbruksnæringa, nytt sjukehus i Rogaland, samarbeid med Enova og Stavanger kommune sine «SmartCity» prosjekt er andre marknader dei jobbar med.

No ser Sandvik og dei andre 148 tilsette fram til å levere nytt tilbod på den neste elektrokontrakten i Ryfast – Hundvågtunnelen.

– Vi er gjennom prekvalifiseringa, og har starta jobben med å rekne på den neste store jobben. I og med at vi har vore gjennom éin tilbodsrunde, så blir den neste lettare å rekne på, seier han og smiler.

Om eit år startar innreiingsjobben. Det er store dimensjonar og tal som skal installerast.

VANN/16. februar 2018

Vann vår usynlige ressurs

Vann er utgangspunktet for et sivilisert samfunn, men det glemmer vi. Et av de grunnleggende kravene i befolkningen er trygg drikkevannsforsyning slik at vi ikke utsettes for risiko. Men det er ingen selvfølge i fremtiden, forteller forsker Arve Heistad ved NMBU. Les hele saken

SAMFERDSELSPROSJEKTER/16. februar 2018

Kan gi halve befolkningen en grønnere bo- og transporthverdag

Ordførere og byråder fra de ni største byområdene kommer denne uken til Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Tema er de kommende forhandlingene mellom staten og byområdene om hvilke virkemidler og ressurser som skal inngå i byvekstavtalene. Målet for disse avtalene er bedre mobilitet og transportløsninger for innbyggerne, slik at veksten i persontransport tas med kollektivtransport, sykkel og gange. Les hele saken

Til toppen