Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og bygging av veg i dagen.
Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og bygging av veg i dagen. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Fire entreprenørar har levert tilbod på bygging av Nordøyvegen

Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og bygging av veg.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er oppdragsgivar for bygginga av Nordøyvegen.

To fasar

Konkurransen blir gjennomført i to fasar, eit såkalla to-konvolutt-system, der tilbydaren med beste forhold mellom pris og kvalitet blir tildelt kontrakten. Den første konvolutten inneheld entreprenøren sine planar for korleis dei vil gjennomføre utbygginga . Desse planane skal gjennom ei grundig vurdering og rangering, før den andre konvolutten med prisane blir opna. 

Fv. 659 Nordøyvegen vil gi fastlandssamband til rundt 2900 menneske og knytter dei om lag 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy nærare saman. Nordøyvegen vil vere med på å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen og gjere Nordøyane til eit meir attraktivt buområde. Statens vegvesen byggjer Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dei fire som har levert tilbod er:
  • Implenia AS
  • Arbeidsfellesskap mellom K.A. Aurstad AS, Metrostav NUF Norge og Toto S.p.A
  • PNC Norge AS 
  • Skanska Norge AS

– Vi er veldig godt nøgd med at fire entreprenørar har levert tilbod på kontrakten. Det er stor konkurranse i anleggsmarknaden i heile landet og mange jobbar for entreprenørane å rekne på. Fire tilbod viser at vi har eit attraktivt prosjekt, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Grundig evaluering

Gruppa som no skal evaluere entreprenørane sine planar for gjennomføring er bredt satt saman av fagfolk med ulik fagbakgrunn både frå Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Konvolutt to blir opna i juni når evalueringa er gjennomført og inneheld pristilbodet. Entreprenørane som har lagt fram plan for gjennomføring som gir ein meirverdi i prosjektet, blir gitt eitt fråtrekk i pristilbodet sitt. Det er denne prisen som blir gjeldande i den endelege vurderinga.

Kontraktsignering i starten av september

Når pristilboda er opna, skal det gjennomførast dokumentasjonskontroll og kontrollrekning. Planen er å innstille entreprenør før fellesferien og signering av kontrakt 7. september 2018. Anleggsstarten blir i oktober.

VEGBYGGING/20. november 2018

Første synlige anleggsarbeid med ny E39

AF Gruppen er på vegne av Nye Veier i gang med arbeidene på strekningen Kristiansand vest – Mandal øst. Mandag 19. november 2018 om kvelden starter forarbeider. Fra onsdag 21. november blir det aktivitet i tilknytning til eksisterende E39, når anleggsmaskiner skal ta seg inn i veilinja for ny E39 fra området Døle bru i Mandal. Les hele saken

Til toppen