– Det er svært leit for alle dei som gleder seg til ein ny reisekvardag

– Det er svært leit for alle dei som gleder seg til ein ny reisekvardag

– Det er svært uheldig når det oppstår komplikasjonar i store og viktige utbyggingsprosjekt. Eg forventar god framdrift og god styring av alle samferdselsprosjekt der staten løyver midlar. Uventa omstende kan likevel oppstå i enkelte prosjekt. Bane NOR har i dag offentleggjort at dei, til tross for at de har arbeidd på spreng for å halde opphaveleg plan, tilrår eitt år lengre utbyggingstid og auka kostnadsramme som følgje av konkursen til entreprenøren Condotte. Eg tek styret si avgjerd til etterretning, men har behov for supplerande informasjon frå Jernbanedirektoratet før eg tek stilling til saka og legg ho fram for Stortinget, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Samferdselsdepartementet blei torsdag 17. januar informert av Bane NOR om at administrasjonen ville tilrå styret i føretaket å stille seg bak ein førespurnad til Jernbanedirektoratet om eitt år lengre utbyggingstid samt ei større auking i styrings- og kostnadsramma. 

For å forsikre seg om at Bane NORs styre tok handsaminga av saken på største alvor, fann samferdselsministeren det riktig å ha eit møte med Bane NORs styreleiar måndag 21. januar. I går, onsdag 23. januar, fatta altså styret i Bane NOR vedtak om å sende Jernbanedirektoratet endringsmelding med forslag om å utsette tidspunktet for når ein tek Follobanen i bruk med eit år til desember 2022, og om auka styrings- og kostnadsramme.

– Follobanen er eit svært viktig prosjekt for togpassasjerane på Austlandet. Når banen står ferdig, vert reisetida mellom Oslo S og Ski halvert og det blir betre kapasitet på Østfoldbanen. Det er svært leit for alle dei som gleder seg til ein ny reisekvardag dersom opninga blir utsett med så mykje som eitt år, seier Dale.

Jernbanedirektoratet vil som oppdragsgivar for Bane NOR handsame førespurnaden frå Bane NOR om utsetting og auka kostnads- og styringsrammer i første omgang. 

– Eg vil be Jernbanedirektoratet i si handsaming av saken om å forsikre seg om at alle relevante handlingsalternativ for å unngå og minimere negative konsekvensar vert vurdert, både for Follobaneprosjektet isolert og for andre jernbaneprosjekter, samt dei reisande. Når dette er gjort, vert saken lagt fram for Samferdselsdepartementet, seier samferdselsministeren. 

Samferdselsdepartementet vil så gjere ei vurdering av mellom anna dei budsjettmessige konsekvensane, og deretter raskast mogleg og på egna måte komme tilbake til Stortinget.

Til toppen