Bussveien klar frå 2021 til 2023

Bussveien klar frå 2021 til 2023

Statens vegvesen har lagt fram ny framdriftsplan for Bussveien. Den viser at heile Bussveien opnar i 2023.

  • vei
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

– Vi har tidlegare sagt at Bussveien opnar sommaren 2021. Vi har nå gått detaljert gjennom alle planane og ser at vi ikkje greier å bli ferdige med heile Bussveien i 2021, opplyser Vegard Thise, prosjektleiar for planlegging av Bussveien i Statens vegvesen.

  • Fylkesveg 44 frå Stavanger til Sandnes er den høgast prioriterte strekninga for Bussveien. Den kan stå klar i desember 2021
  • Riksveg 509 mellom Stavanger og Risavika kan ha bussvei klar i 2023
  • Frå Ruten i Sandnes til Vatnekrossen er også opninga sett til 2023

Opnar del for del

Sjølv om ikkje alle strekningane er ferdige før i 2021 eller 2023, blir mange delstrekningar ferdige før.

– Kvar delstrekning opnar så fort den er ferdig, noko som gjer tilhøva betre og betre for dei som reiser kollektivt. Planlegging av Bussveien tar tid, men vår jobb er å sikre at Bussveien får best mogleg kvalitet, fortel Vegard Thise.

Komplisert å planlegge i by

Det er fleire grunnar til at Bussveien ikkje står heilt ferdig i 2021. Kompliserte planar i tette byområde er ein av dei viktigaste.

– Sjølv med effektiv planlegging er det ikkje mogleg å bli ferdig før. Planane er svært krevjande. Vi skal sikre at bussane går uhindra og vi skal ta omsyn til dei som syklar og går. Byen er i endring og Bussveien må tilpassast framtidige utbyggingsområde. Dette er faktorar som gjer planlegginga komplisert. I tillegg skal innbyggjarar og politikarar bli høyrte i planprosessane, poengterer Thise.

Effektiv planlegging

Fleire grep er tatt for å effektivisere arbeidet med Bussveien. Fleire delprosjekt blir nå slått saman, slik at talet på delprosjekt i Bussveien går frå 26 til 22.

– Vi har også eit svært godt og effektivt samarbeid med fylkeskommunen og kommunane på Nord-Jæren, for å sikre kvalitet og framdrift i prosjekta, fortel Thise.

Den oppdaterte framdriftsplanen for Bussveien blir lagt fram for styringsgruppa i Bypakke Nord-Jæren måndag 14. mars. Det er ein svært ambisiøs tidsplan. Thise understreker at den nye framdriftsplanen er etter best mogleg framdrift, endringar kan skje.

– Dersom vi må gjere nye utgreiingar eller ta omsyn til nye faktorar blir Bussveien ytterlegare forseinka.

Bussveien er det største prosjektet i Bypakke Nord-Jæren. Over 90 prosent av den 50 kilometer lange Bussveien skal gå i eigne bussfelt, heilt uhindra.

GEOTEKNISK/23. februar 2018

Kalibreringsfri og tilt-kompenserende GNSS

Leica Geosystems har kommet med GS18 T, en kalibreringsfri tilt-kompenserende GNSS-antenne som ikke påvirkes av magnetisk forstyrrelser. – Med den nye roveren kommer du til på steder du ikke gjorde før, sier produktsjef Andreas Torsvik i Leica Geosystems AS. Les hele saken

Til toppen