Arbeidet med nye snøoverbygg i stål på høgfjellet held fram i 2018.
Arbeidet med nye snøoverbygg i stål på høgfjellet held fram i 2018. (Foto: Ingunn Halvorsen)

Bergensbanen: Planar for 2018

Planane for byggearbeid og vedlikehald på Bergensbanen er klare for heile året. Jernbanen vert stengd i korte periodar, og NSB set opp alternativ transport.

  • Jernbane
Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Også i 2018 skal Bane NOR fornye og vedlikehalde delar av Bergensbanen. Det overordna målet er ei sikrare og meir punktleg reise for passasjerar og gods. På planen står mellom anna vidare arbeid med den nye tunnelen gjennom Ulriken, ombygging av Arna stasjon, nytt snøoverbygg på fjellet og utskifting av skjener og sviller.

- Nokre oppgåver krev meir tid enn korte økter mellom passerande tog. Me vil samle dette arbeidet i fire intensive helger for å forstyrre trafikken så lite som råd. I tillegg vil me jobbe midt på dagen i tre veker i mars og tre veker i september, opplyser områdedirektør Tony Dæmring i Bane NOR.

Endring i avgangstidene

Det er særleg strekninga mellom Voss og Bergen som må halde stengd for vanleg togtrafikk i periodar på grunn av vedlikehald og fornying. Siste helga i september vert heile banen frå Hønefoss til Bergen stengd. Bergensbanen vert også påverka når Bane NOR skal utbetre Lieråstunnelen mellom Asker og Drammen i påska og til sommaren. Då vil toga køyre over Roa mellom Oslo og Hønefoss og kan få endra avgangstider.

- Me i NSB har forståing for at Bane NOR må gjere disse viktige utbetringane. Me vil gjere vårt for å tilby alternativ transport, og ser fram til at arbeidet på infrastrukturen kjem oss alle til gode, seier marknads- og kommunikasjonssjef Henning Lirhus i NSB.

Svillebyte står på planen også i år, her er eit arbeidslag i sving like ved Bergen stasjon. Foto: Ingunn Halvorsen

NSB set opp buss for tog når Bane NOR arbeider på jernbanen. I nokre tilfelle vil bussane køyre tidligare enn det som står i togruta, for å korrespondere med tog vidare. Rutetidene for buss er oppdaterte på nsb.no og i mobilappen til NSB.

Arbeidsplanen for 2018

  • Laurdag 13. januar kl. 10.05 til søndag 14. januar kl. 06.00: Arbeid mellom Arna og Bergen
  • Torsdag 15. mars kl. 03.30 til måndag 19. mars kl. 05.00: Arbeid mellom Voss og Bergen
  • Tysdag 3. april til torsdag 19. april: Arbeid mellom Voss og Bergen på kvardagar mellom kl. 09.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag, samt i helgene.
  • Laurdag 24. mars til søndag 1. april: Arbeid mellom Asker og Drammen, Bergensbanen køyrer over Roa.
  • Laurdag 28. april kl. 00.45 til søndag 29. april kl. 11.55: Arbeid mellom Myrdal og Bergen
  • Måndag 25. juni til søndag 5. august: Arbeid mellom Asker og Drammen, Bergensbanen køyrer over Roa.
  • Måndag 10. september til fredag 28. september: Arbeid mellom Voss og Bergen på kvardagar mellom kl. 09.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag, samt i helgene.
  • Laurdag 29. september kl. 00.45 til søndag 30. september kl. 11.55. Arbeid på heile Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen. Det vert ikkje sett opp alternativ transport for regiontog mellom Oslo og Bergen.

Sjå opp for arbeidstog

Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Bane NOR minner om at det er livsfarleg og forbode å krysse jernbanen utanom planovergangar.

INTERCITY/17. august 2018

InterCity gjennom Hamar: Bruløsning tatt ut av det vestre traséalternativet

- Alternativet med bru over Hamarbukta vil gi svært store ulemper i Hamar by. Vi anser det derfor ikke som realistisk å bygge Dovrebanen med en slik løsning. Da er det heller ingen grunn til å bruke tid og penger på å planlegge denne løsningen videre, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Les hele saken

Til toppen