Her på bussgarasjen på Mannsverk kjem det ladepunkt og nye elbussar.
Her på bussgarasjen på Mannsverk kjem det ladepunkt og nye elbussar. (Foto: Skyss)

80 nye elbussar – blir Bergen elbusshovudstaden i Norden?

– Dette er ei offensiv satsing på grønt skifte og miljøvenleg transport. Då vi handsama det nye bussanbodet, løfta vi miljøprofilen betydeleg, som eit naturleg framhald av fergeanboda. For dei styrande partia i Hordaland er dette svært viktig, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Enova gjev 36 millionar kroner til elektrifisering av bussar i Bergen.

Motta nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur

Med det nye anbodet skal batteridrivne bussar kvart år køyre minst 3,5 millionar kilometer av busstransporten i Bergen, ein avstand som svarer til 87 rundar rundt jorda. Det vil truleg trengast rundt 80 elbussar for å gjere jobben. For å gjere dette mogleg har fylkeskommunen no fått 36 millionar kroner i stønad frå Enova til å etablere rundt 80 ladepunkt og opptil 8 pantografar for hurtiglading på bussdepotet på Mannsverk.

– Prosjektet vil truleg vere det det største enkeltinnkjøpet av elektriske bussar i Norden til no, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Enova jobbar med Noreg si omstilling til lågutsleppssamfunnet, og meiner at elektrifisering av kollektivtransporten er ei av dei endringane ein må gjere for å kome dit:

  Foto: Skyss / Morten Wanvik

– Det finst rundt 16 000 bussar i Noreg i dag, og svært få av dei er elektriske. For å få til eit skifte er det viktig at nokon går føre og prøver ut elbussar i stor skala og viser at dette fungerer i praksis. Her kan Bergen bli eit nasjonalt utstillingsvindauge, seier Enova-sjefen.

Går i bresjen

– At Hordaland no får støtte til elektriske bussar vil vere eit stort løft i arbeidet for å betre lokal luftkvalitet, styrke kollektivtilbodet og samstundes få ned klimagassutsleppa. Hordaland fylkeskommune har verkeleg gått i bresjen for elektrisk transport, både på sjø og land, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og fortset:

– Regjeringa er opptatt av å få til ein rask og omfattande omstilling til reinare transport. Då er det heilt naudsynt at nokon er tidleg ute og viser at det fins gode, grønare alternativ. Det er gledeleg at Enova bidreg med økonomisk støtte når Hordaland fylkeskommune viser så stort pågangsmot og vilje til omstilling.

Meiner alvor

Med dette prosjektet fortset fylkeskommunen og Enova det gode samarbeidet om transportløysingar for framtida.

– Vi har hatt gleda av å vere med Hordaland fylkeskommune på å realisere både ei rekkje elektriske ferjer og moderne trolleybussar. Med å leggje til rette for lading av 80 nye elbussar understrekar fylket at dei meiner alvor med å elektrifisere transporttilbodet, seier Nakstad i Enova.

Oppstarten for dei nye elbussane blir i desember 2020.

VEG/22. mars 2019

SINTEF gjenoppliver Veglaboratoriet

SINTEF har bestemt seg for å satse mer på samferdsel i tiden som kommer, og har derfor «gjenopplivet» Veglaboratoriet sitt. Dette gjør de fordi de bevisst ønsker å utvikle «grønnere veier» og anleggsprosesser. De vil også påvirke folk til å velge en mer miljøvennlig transport. Les hele saken

Til toppen