I tråd med lovnaden i statsbudsjettet for 2025 har Statens vegvesen kunngjort ei rammeavtale på inntil 2,2 milliardar kroner med ei mogleg varigheit på 8 år. Kontrakten vil vere open for både nasjonale og internasjonale aktørar, med frist for å melde seg 21. mars.
Prosjektet som knytt landet saman
Arna-Stanghelle er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo og knytt landet saman frå vest til aust. Prosjektet omfattar både ny veg og jernbane. I dag er strekninga prega av låg standard, uføresette stengingar, tunnelar med behov for vedlikehald og oppgraderinga og skredutsette strekk.
– Det er viktig for regjeringa at vi kjem i gong med Fellesprosjektet Arna-Stanghelle. No skal vi auke trafikktryggleiken, skape føreseieleg transport og auke kapasiteten på gods på bane. Prosjektet vil ikkje minst redusere reisetida for dei som nyttar veg og jernbane, seier Nygård.
Oppstart av fellesprosjektet forutsett Stortingets tilslutning til kostnadsramme for prosjektet og til delvis bompengefinansiering. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget i løpet av våren 2025.
Utlysinga er ei avropsbasert rammeavtale, og storleiken på kontrakten vil avhenge av bestillingar frå fellesprosjektet i avtaleperioden
Arbeidet startar til våren
Det er allereie utlyst kontrakt for oppstart av berg- og skredsikring som ein del av det førebuande arbeidet. Til våren startar sikring av prosjektstrekninga, med blant anna spyling av skredutsette områder.
– Det skal byggjast 80 kilometer med tunnel. Det gjer prosjektet til landets største tunnelprosjektet gjennom tidene. No er vi i gong. Det vil gi ein god og trygg veg og kortare togtid for alle dei som reiser på tvers av landet, seier samferdselsministeren.