Riksvei 5 Fodnestunnelen. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 26.08.2024 

Arbeid i Fodnestunnelen påverkar bil- og ferjetrafikken

No startar Statens vegvesen eit stort vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen. Slik påverkar det trafikken.

– Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg, og det skal monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Arbeida startar måndag 26. august.

For å minimera ulempene for trafikantane, vert jobben gjort som nattarbeid, på den tida av døgnet det er minst trafikk. Det skal jobbast i tunnelen kvar natt heile veka.

Slik blir konsekvensane for trafikantane

Det blir kolonnekøyring gjennom natta, tilpassa ferjetidene på sambandet Mannheller- Fodnes.

– Frå og med 9. september må vi nattestenga tunnelen kvar natt heile veka frå klokka 22.00–06.00 på grunn av sprengingsarbeid. I dette tidsrommet vert det sett opp alternativ rutetabell med nattferje Mannheller–Fodnes–Lærdal–Mannheller. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger. Siste kolonne frå Lærdal går klokka 21.45 (med avgang frå Fodnes klokka 22.00), legg Hovland til.

Den alternative rutetabellen vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025, med nokre tilpassingar opp mot heilagdagar. For oppdatert rutetabell til ei kvar tid, sjekk www.norled.no.

Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.

Dette er tunnelen

Fodnestunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2600 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 494, lange køyretøy (tungtrafikk).

Vedlikehaldsarbeidet i tunnelen er forventa å vera ferdig hausten 2026.

Del av Vegvesenet sitt samfunnsoppdrag

Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen i henhold til Tunnelsikkerheitsforskrifta (TSF), men er likevel eit stort og viktig arbeid som er ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å drifta og vedlikehalda riks- og europavegnettet.

– Drift å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon. Jobben Statens vegvesen skal i gang med i Fodnestunnelen, er eit døme på dette, avsluttar Hovland.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur