Leverandørane som er kvalifiserte er
- Åsane Byggmesterforretning AS
- Bergan bygg AS
- TH BHAS BYGG
Kontrakten dei konkurrerer om er utforma som ei fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging. Etter tilbodsfristen 12. februar startar forhandlingar, før kontrakt vert tildelt i april. Inntil tre leverandørar kan tildelast kontrakten, og dei vil deretter konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.
Signering i april 2021
Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen seier dei er godt i rute for signering i april neste år.
– Kvalifiseringa gjekk veldig bra, og vi er glade for å ha med oss alle dei tre interesserte leverandørane vidare til tilbodslevering i februar, med etterfølgjande forhandlingar.
Matthiessen satsar på kontraktsignering til våren, og at arbeidet kjem i gong raskast mogleg.
– Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april 2021, og dei første arbeida kan setje i gang i løpet av sommaren. Kontraktsmodellen som er vald gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa. Samstundes er vi sikra konkurranse på kvalitet og pris gjennom avrop på rammeavtala.
Om støytiltaka
Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555.
Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021.