Alt frå i ettermiddag, tysdag 15. desember, er trafikken lagt om på ei mellombels bru like ved.
Her vil trafikken gå til ny Skipenes bru er ferdig hausten 2021.
På nyåret starter rivearbeidet av brua, og når det er ferdig vil ein starte med arbeidet på ny bru.
Det blir noko støy
– Her vil det føregå pelearbeid på land og i Eidselva. Arbeidet med peling vil medføre støy, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Arbeidstida på pelearbeidet vil vere frå klokka 07-19, måndag - laurdag. Dette arbeidet vil pågå til ut i mars 2021.
Entreprenøren Mesta tar juleferie frå 22. desember og startar igjen 4. januar.
Statens vegvesen ynskjer alle naboane ei god jul, og oppmodar alle mjuke trafikanter om å bruke refleks.
Dette er prosjektet
Brua som no blir skifta ut, vart bygt på 60-talet.
– Den nye brua vil gi betre trafikktilhøve både for bilar og mjuke trafikantar, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø.
Medan dagens bru er om lag åtte meter brei, blir det åtte nesten 13. Dette vegarbeidet kostar 31 millionar.