- Rogfast vert dyrare, og derfor bidreg vi med meir pengar. Saman med å auke den statlege delen i prosjektet, sørgjer vi for at staten tar dei ekstra kostnadane, seier Hareide. Illustrasjon: Norconsult/Statens vegvesen
Publisert: 24.11.2020 

Meir statlege midlar til Rogfast

– E39 Rogfast er eit av Noregs største samferdselsprosjekt. Det bind saman Stavanger-området med Haugalandet, gir ein større bu- og arbeidsmarknadsregion og reduserer reisetida mellom Stavanger og Bergen kraftig. Etter store kostnadsaukar i prosjektet, gir vi no meir pengar og aukar den statlege delfinansieringa i prosjektet til 40 prosent, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet har i dag framlegg i statsråd om endringar i Rogfast-prosjektet. I det tidlegare vedtekne prosjektet er den statlege delen av finansieringa på 21,4 prosent. I dette framlegget foreslår regjeringa å auke delen til 40 prosent.

Tilbodet på den første store utlyste kontrakten var høgare enn venta, og kostnadane ville blitt høgare enn kostnadsramma. Da valde Statens vegvesen som byggherre å avlyse kontrakten. Dei har i tida etter avlysinga jobba med å gjere prosjektet billigare, og har kome med ei rekke kutt. Ein ekstern kvalitetssikrar har gått gjennom prosjektet.

– Statens vegvesen som byggherre gjorde rett i å avlyse konkurransen. Vi må få kontroll på kostnadane i Rogfast, som i alle andre vegprosjekt i Noreg. Eg er godt nøgd med Statens vegvesen sin gjennomgang av prosjektet. Rogfast blir likevel dyrare, og derfor bidreg vi med meir pengar. I tillegg til å auke den statlege delen i prosjektet, syter vi for at staten tar dei ekstra kostnadane, seier Hareide.

Samferdselsdepartementet føreslår ei ny kostnadsramme på 24,8 milliardar kroner. Den var tidlegare på 20,8 milliardar kroner. Sjølv med dei auka kostnadane i prosjektet, er Rogfast eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt.

– Rogfast blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det skulle nesten berre mangle at den er å finne i Noreg. Samstundes er det kva tunnelen løyser som er det viktigaste. Folk og varer kjem raskare fram. Folk kan enklare bu der dei ønskjer. Da tek vi vare på næringslivet vårt og distrikta våre, seier Hareide.

Bompengeinnkrevjinga i Ryfast forsinka

I framlegget er det òg små endringar i prosjektet rv. 13 Ryfast. Prosjektet opna i april 2020, men grunna utfordringar for entreprenøren, er ikkje utstyret for bompengeinnkrevjinga installert.

Statens vegvesen har heva kontrakten med entreprenøren. Innføringa av bompengar blir derfor utsett. Statens vegvesen jobbar med å få på plass innkrevjinga. Målet er at innkrevjinga kan starte i februar 2021, men det er usikkert om det kan vere på plass så fort.

– Det er uheldig at bompengeinnkrevjinga ikkje har starta opp ennå. Derfor er eg glad for at Statens vegvesen no jobbar raskt for å få plass dette, seier samferdselsministeren.

Utgiftene bompengeselskapet har fått grunna utsetjinga, skal dekkast av staten. Samferdselsdepartementet kjem tilbake til Stortinget med oversikten over kor mykje pengar det er snakk om.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur