Publisert: 19.11.2020 

Ny direktør i Vegtilsynet: Søkerlista er klar

Det er 13 menn og 3 kvinner på søkerlista for ny direktør i Vegtilsynet. Samferdselsdepartementet tek sikte på å tilsette ein ny direktør så raskt som mogleg.

Sjå søkerlista her (pdf). To søkarar har trekt seg etter at søknadsfristen gjekk ut.

Vegtilsynet er Samferdselsdepartementet si fageining. Vegtilsynet fører tilsyn med at Statens vegvesen og Nye Veier AS tek i vare krava om tryggleik på riksveginfrastrukturen. Vegtilsynet er bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn. Eininga prioriterer tilsyn mot dei områda der risikoen er størst for at svikt i systemet kan føre til ulykker.

Trude Tronerud Andersen har vore direktør sidan etableringa av Vegtilsynet i 2012. Ho sluttar i jobben 18. november. Vegard Hansen, controllar i Drift og utvikling, vil fungere i stillinga til ny direktør er tilsett.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur