Det betyr at Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy blir landfaste om vel eitt år. Avtalen endrar ikkje opningstidspunktet for resten av prosjektet. Planen er fortsatt at heile Nordøyvegen opnar for trafikk sommaren 2022.
Meir nytte av vegen
– No får vi effekt og samfunnsnytte av Nordøyvegen enda tidlegare. Det er bra for folket som bur her, for næringslivet, for heile regionen og for oss i fylkeskommunen, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gratis å køyre
Nordøyvegen skal delvis finansierast gjennom bompengeinnkrevjing på Skjeltene. Mellom øyene skal det vere gratis å køyre. Det blir ikkje bompengebetaling før heile Nordøyvegen opnar i 2022. Fram til da køyrer trafikantane gratis.
Resultat av godt samarbeid
– Avtalen kjem som eit resultat av godt samarbeid over lang tid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune som byggherre og Skanska som utførande entreprenør.- Vi har jobba saman med å sjå på korleis vi kan optimalisere gjennomføringa av Nordøyvegen heilt sida vi signerte kontrakten i desember 2018. Kontrakten blei tildelt Skanska fordi dei hadde tilbodet med best kvalitet. Det har dei bevist i denne prosessen, seier, Marianne Nærø, prosjektleiar for Nordøyvegen.
Aukar ikkje risikoen
Opninga mellom Skjeltene og Austnes aukar ikkje risikoen for forseinkingar på Nogvafjordtunnelen mellom Longva og Fjørtofta og Fjørtoftfjordtunnelen mellom Fjørtofta og Harøya.
– Vi blir like mange menneske og maskiner som jobbar med desse to tunnelane som før. Vi har hatt utfordringar med dårleg fjell og inntrenging av grunnvatn, spesielt i Nogvafjordtunnelen. Dette jobbar vi heile tida godt saman med entreprenøren og vi meiner fortsatt det er realistisk med ei opning sommaren 2022, seier Marianne Nærø.
Finansiert av innsparing på ferje
– Kostnadane med å framskunde opninga blir finansiert m.a. av innsparingane Møre og Romsdal fylkeskommune har med å legge ned ferjesambandet Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya før planlagt, avsluttar Arild Fuglseth.