Regjeringa foreslår å løyve 32,1 milliardar kroner til jernbaneformål i statsbudsjettet for 2021, ein auke på 20 prosent frå budsjettet for 2020.
– Vi skal ta Noreg ut av koronakrisa og vi satsar meir på jernbane enn nokon gong. Regjeringa har som mål å styrkje konkurranseevna til jernbanen, slik at fleire reisande og meir gods blir transportert med tog. Å ta toget er miljøvennleg, bidreg til betre framkome og trafikktryggleik på vegane, og er ein rask og arealeffektiv måte å reise på, særleg i byområda. Betre togtilbod bidreg til å binde bu- og arbeidsmarknader tettare samen, seier samferdselsministeren.
Full framdrift i pågåande utbyggingsprosjekt på Austlandet
På InterCity-strekningane på Austlandet prioriterer regjeringa full framdrift til neste år:
- På Dovrebanen held anleggsarbeida på prosjektet Venjar-Eidsvoll-Langset fram. Budsjettforslaget gjer det mogleg med anleggsstart på prosjektet Kleverud-Sørli i 2021, i tillegg til full framdrift i planlegginga av prosjektet Sørli-Åkersvika. Når dei tre utbyggingane står ferdig, blir det mogleg med to tog i timen og ei reisetid på om lag ein time mellom Oslo og Hamar.
- På Vestfoldbanen blir anleggsarbeida på prosjekta Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker vidareførte. Desse to kjem til å realisere samanhengande dobbeltspor mellom Oslo og Tønsberg, og gjer det mogleg med fire tog i timen og ei reisetid på om lag ein time mellom dei to byane.
- På Østfoldbanen held arbeida på strekningane Oslo-Ski (Follobanen) og Sandbukta-Moss-Såstad fram. Follobanen er for tida Noregs største samferdselsprosjekt og vil redusere reisetida frå 22 til 11 minutt mellom Oslo og Ski. Bygginga av dobbeltspor på strekninga Sandbukta-Moss-Såstad vil gi samanhengande dobbeltspor mellom Oslo og Moss, redusert reisetider og auka kapasitet på Østfoldbanen.
Med budsjettforslaget for 2021 kan planlegginga av fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss bli ferdig, og dermed gjere det mogleg å fatte investeringsvedtak i 2021. Ei eventuell bygging av Ringeriksbanen vil redusere reisetida med mellom Oslo og Hønefoss og vidare til Bergen med om lag ein time, binde bu- og arbeidsmarknadene i hovudstadsområdet og på Ringerike tettare saman, og styrkje turistnæringa i Hallingdal.
Meir miljøvennleg togtrafikk i Trøndelag
– Med budsjettforslaget for 2021 kan anleggsarbeida i elektrifiseringsprosjektet på jernbanen i Trøndelag starte for alvor. Ferdigstilling av køyreleidningsanlegg på Meråkerbanen, Leangen-Stavnebanen og Trønderbanen mellom Trondheim og Værnes vil gjere togtrafikken meir miljøvennleg, seier samferdselsministeren.
Det same er tilfellet for dei 14 bimodale togsetta som skal inn i togtrafikken løpet av 2021. Desse hybridtoga, som kjem til å gå på køyrestraum og diesel, skal erstatte gamle dieseltog på Trønder-, Meråker-, og delar av Rørosbanen. I tillegg til miljøvinsten vil dei bimodale togsetta vere meir driftssikre og komfortable, og ha betre nettdekning.
I 2021 er det lagt opp til å halde fram med planlegging av tiltak for å auke avgangsfrekvensen frå eitt til to tog i timen i grunnrute kvar veg på strekninga Melhus-Trondheim-Steinkjer på Trønderbanen.
Betre togtilbod i Bergen og på Jærbanen
I Bergen opnar nye Ulriken tunnel for trafikk i desember i år. Då startar arbeidet med å rehabilitere dagens tunnel. Dei neste åra er det lagt opp til å fullføre dobbeltspor mellom Bergens stasjon og Arna stasjon, i tillegg til å ruste opp Nygårdstangen godsterminal. Tiltaka skal gi eit betre togtilbod for passasjerar og vareeigarar.
– Regjeringa foreslår å forbetre lokaltogtilbodet på Jærbanen ved at avgangsfrekvensen med fire tog i timen mellom Stavanger og Sandnes blir forlenga til Ganddal. I 2021 er det òg prioritert midlar planlegging av mellom anna mogleg forlenging av dobbeltsporet frå Sandnes til Nærbø, seier Hareide.
Nytt signalsystem skal gjere togtrafikken meir driftsstabil
Det digitale signal- og sikringssystemet ERTMS skal erstatte alle dei ulike signalsystem på norsk jernbane. Mange av systema er gamle og er ofte grunnen til forseinkingar, driftsavbrot og saktekøyringar. ERTMS skal bøte på desse problema.
ERTMS-prosjektet til Bane NOR er for tida Noregs største IKT-prosjekt. Regjeringa prioriterer full framdrift i prosjektet, som skal realisere ERTMS på heile jernbanenettet i perioden fram til fyrste halvdel av 2030-tallet. Delstrekningar på Nordlandsbanen og Gjøvikbanen er dei neste i rekkja med ERTMS-drift - i 2022.
Foreslår å vidareføre støtteordning for godsoverføring frå veg til bane
Delar av godsnæringa på jernbanen har dei siste åra fått økonomiske utfordringar. Ein viktig grunn er auka konkurranse frå vegtransport, i tillegg til at godtogselskapa har opplevd dårleg driftsstabilitet i infrastrukturen.
For å leggje til rette for at meir gods blir frakta miljøvennleg på skinner, foreslår regjeringa å løyve 90 millionar kroner til støtteordninga for å overføre gods frå veg til jernbane i 2021. Støtteordninga blei etablert i 2020 for ein periode på inntil tre år. Ordninga er innretta mot kombitransport og vognlast, der konkurransen mot vegtransport er sterkast.
Tar høgde for at 2021 kan bli eit krevjande år
Til statleg kjøp av persontransporttenester med tog foreslår regjeringa å løyve 4,6 milliardar kroner i 2021. Det er lagt til grunn at koronapandemien kan påverke togtrafikken også til neste år, slik at togoperatørane får mindre inntekter enn i eit normalår. Det er i forslaget difor tatt høgde for at staten kan inngå tilleggsavtalar om kjøp av persontransporttenester med tog for opptil 650 millionar kroner i fyrste halvår.
Koronapandemien er økonomisk utfordrande for mange aktørar i jernbanesektoren. Regjeringa foreslår difor å ikkje ta ut utbyte frå Vygruppen AS i 2021.