Publisert: 01.09.2020 

Bergensområdet får ny byvekstavtale – staten bidreg med over 13 milliardar kroner

– Den nye byvekstavtalen for Bergensområdet skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy. Byvekstavtaler er eit viktig verkemiddel for å sikre ein miljøvennleg byutvikling. Arealbruken skal bli meir effektiv og veksten i persontransporten skal skje med kollektiv, sykkel og ved at folk går meir, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Den nye byvekstavtalen gjeld for perioden 2019–2029 og erstattar dagens byvekstavtale. Staten bidreg med om lag 13,1 milliardar kroner i perioden.

Fire nye vekstkommunar med i avtalen

Avtalen legger til rette for berekraftig byutvikling i Bergensområdet, gjennom effektiv arealbruk og klimavennlege transportløysingar.

Et viktig grep i den nye avtalen er at fire nabokommunar til Bergen no kjem inn som avtalepartar: Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

– Det er veldig positivt at også nabokommunane til Bergen blir med i byvekstavtalen. Det vil gi betre samordning av areal- og transporttiltak i heile Bergensområdet, noko som vil gjere kvardagen enklare for alle som reiser kollektivt, syklar eller går, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Staten bidreg med over 13 milliardar kroner

Staten bidreg med om lag 13,1 milliardar kroner i avtalen.

Midlane går mellom anna til tiltak for kollektiv, sykkel og gåing og til auka belønningsmidlar. Dette utgjer om lag 8 milliardar kroner. Om lag 3,6 milliardar kroner går til statleg 50/50-bidrag til Bybanen til Fyllingsdalen.

Den nye byvekstavtalen følger opp bompengeavtalen frå 2019 frå staten si side. Dette betyr at det statlege bidraget til Bybanen til Fyllingsdalen vert auka frå 50 til 66 prosent. Denne auken på om lag 1,1 milliard kroner er øyremerkt tiltak for å redusere bompengane og betre kollektivtilbodet. Staten gir også tilskott på 500 millionar kroner til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk.

Signering av avtalen i haust

De lokale partane har tidlegare gitt sin tilslutning til den nye avtalen. Signering vil skje seinare i haust. Avtalen er mellom staten (ved Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur